Har du forslag til endringar i regelverket om vurdering i grunnopplæringa?
Utdanningsdirektoratet har sendt på høyring fire ulike høyringsnotat som dei ønskjer innspel på.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Høyringsnotata inneheld forslag fleire endringar
Del 1 gjeld endringar i regelverket om vurdering som følge av fagfornyinga. Her vert forslag til revisjon av regelverket om vurdering i forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova omtala. Det er forslag til mellom anna endringar i regelverk om formålet med og grunnlaget for vurdering i fag og orden og oppførsel, samtale om utvikling, undervegsvurdering, standpunktkarakter og realkompetansevurdering.
Del 2 gjeld forslag til endringar i regelverket om eksamen. Her vert forslag til endringar i regelverk om eksamen, som følge av eksamensgruppas tilrådingar, omtala. Det er forslag til endringar både i innhald og struktur.
Del 3 gjeld forslag til eksamensordningar i nye læreplanar. Her vert forslag til eksamensordningar i dei nye læreplanane for grunnskulen og gjennomgåande fag i vidaregåande opplæring presenterte.
Del 4 omtalar mindre endringar og forenklingar.
Korleis går du fram?
Forslaga er sende på høring med frist for uttale 21.04.2020. Høyringa er åpen for alle, og dei som ønskjer det, kan uttale seg.
Dei som ønskjer å uttale seg, kan velje å svare på berre eitt eller fleire høyringsnotat. Ein kan også velge å svare på utvalde spørsmål, eller berre på eksamensordningar i enkeltfag.
Meir om høyringa og høve til å sende inn høyringsuttale.