Ny nasjonal rammeplan for skulefritidsordninga (SFO)
Den nye rammeplanen trer i kraft 1. august i år, og kommunane har eit viktig ansvar for innføringa. Målet med planen er å bidra til likeverdig SFO av god kvalitet over heile landet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Planen blei fastsett av kunnskapsdepartementet 31. mai 2021.
SFO-personalet er hovudmålgruppa for rammeplanen, men barnehage, skule og kulturskule bør og ha god kjennskap til innhaldet i rammeplanen. Rektor, som vanlegvis er verksemdsleiar for SFO, har ei viktig rolle når rammeplanen blir teken i bruk.
Bakgrunnen for rammeplanen
Då Meld. St. 6 (2019–2020) varsla om ein ny nasjonal rammeplan for skulefritidsordninga som skulle gjelde frå hausten 2021, blei det lagt vekt på at rammeplanen skulle vere basert på gjeldande rett og gi rom for lokale variasjonar. Regjeringa vil gjennom rammeplanen presisere formålet slik det er uttrykt i opplæringslova § 13-7. Tilbodet i SFO skal også sjåast i samanheng med resten av samfunnet, og kommunen skal legge til rette for tilbodet i samarbeid med skulen, barnehagar, barnevern og andre som jobbar førebyggande for barn og unge.
Innhaldet i den nye rammeplanen
SFO skal legge til rette for leik og kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interessene til borna, samt gi borna omsorg og tilsyn. Rammeplanen er forpliktande og har status som forskrift med heimel i opplæringslova § 13-7, og gjeld for skulefritidsordningar som er omfatta av denne føresegna.
Rammeplanen tek i vare det lokale handlingsrommet, eigenarten og tradisjonane ved den einskilde SFO. Slik kan kvar SFO fortsetje å gjere det dei er gode på, og i tillegg bruke rammeplanen som eit arbeidsverktøy for å gjere tilbodet enda betre.
Rammeplan består av seks kapittel:
- Om rammeplan for skulefritidsordninga
- Verdigrunnlaget til skulefritidsordning
- Innhaldet i skulefritidsordninga
- Ei inkluderande skulefritidsordning
- Samarbeid i skulefritidsordninga
- Kvalitetsutvikling
Du vil finne meir informasjon om rammeplan, støttemateriell og invitasjon til digital konferanse om rammeplanen på Udir sine heimesider, som er lenka til i høgremargen.
Kontaktpersonar
-
Tanja Holum
Tlf: 57 64 31 10 / 91 57 05 12