Nytt verktøy for tal og statistikk

Person som skriv på ein pc. Illustrasjonsfoto (Pixabay).

Utdanningsdirektoratet er i gang med å utvikle eit nytt verktøy for statistikk og fakta på barnehage- og skulefeltet. Verktøy som i dag ligg i Skoleporten vil bli flytta til udir.no.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.03.2021

Det nye verktøyet

Verktøyet vil vere tilgjengeleg på udir.no frå 8.juni 2021 og vil kunne tilby:

  • presentasjon av statistikk og fakta på barnehage – og skulefeltet på ein enkel måte
  • oversiktssider som samlar nøkkeltal og indikatorar på same stad
  • meir detaljerte framstillingar av enkelte statistikkar og tema

Utfasing av Skoleporten

Utdanningsdirektoratet vil publisere statistikken som i dag finns i Skoleporten på den nye adressa udir.no/statistikk. Skoleporten vert lagt ned sommaren 2021.

Ståstadanalyse for skule

Ståstadanalyse for skular blir bygd opp på nytt, utanfor Skoleporten. Den nye ståstadanalysen skal lanserast 1. august.
Det vil vere mogleg å gjennomføre ståstadanalyse i Skoleporten fram til 1. juli.

Mal for tilstandsrapport

Mal for tilstandsrapport skal byggas opp på nytt utanfor Skoleporten. Gamle tilstandsrapportar som i dag er lagra i Skoleporten vil forsvinne når den stenger 1.juli. Det er derfor viktig å lagre tilstandsrapportar ein ynskjer å ta vare på lokalt, slik at desse ikkje forsvinn.

Samling for barnehage – og skulesektoren

For å bidra til god bruk og kvalitet i arbeidet med tal og statistikk vil Utdanningsdirektoratet arrangere ei digital samling for barnehage -og grunnskule om tema og det nye verktøyet 2. september 2021. Opphaveleg stod Statsforvaltaren som ansvarleg for samlinga, men dette er endra. Program og lenke til påmelding kjem seinare.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar