Oppdatert grunnskulestatistikk for Hordaland og Sogn og Fjordane

Det er nedgang i tal elevar i grunnskulen, men det er fleire årsverk i skulane grunna styrking av tidleg innsats på dei første årstrinna.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.12.2019

Her finn du dei viktigaste tala frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI).

Talet på elevar og skular

Elevtalsutviklinga dei siste fem åra viser at elevtalet svingar litt frå år til år. Nokre få kommunar har auke i elevtalet frå i fjor. I Hordaland er det kommunane Askøy, Os og Sund som har størst auke i høve sist skuleår. I Sogn og Fjordane er det berre Sogndal som har ein markant auke i tal elevar. Dei aller fleste kommunane har nedgang i tal elevar. Samla har fylket ein nedgang på 301 elevar.

Sjå fylkestabell under og vedlagde kommunetabell som syner elevtalsutviklinga i Vestland.

ÅR Hordaland Sogn og Fjordane
2019-20 63672 13614
2018-19 63683 13915
2017-18 63421 13995
2016-17 63157 14048
2015-16 62871 13976


Det er 110 grunnskular i Sogn og Fjordane. Av desse er 4 private skular. I Hordaland er talet 260 offentlege og 25 private skular.

Lærarar og assistentar

Talet på årsverk til undervisning er i år 1589 i Sogn og Fjordane. Det er 13 fleire enn førre år. I Hordaland er årsverktalet 6055, ein auke på 142 årsverk. Noko av årsaka til auken, er øyremerka tilskot som kommunane får til ekstra styrking på småskulesteget og kravet om å innfri den fastsette lærarnorma på dei ulike hovudstega. Dei aller fleste kommunane oppfyller kravet til lærarnorma. Oversyn over kommunane i våre to fylke ligg ved. Prosentdel årsverk som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing er i Sogn og Fjordane 4,4 prosent og i Hordaland 1,7 prosent.

Årsverka er fordelt slik i høve tal lærarar:

   Tal lærarar Menn Kvinner
Hordaland 6837 1663 5174
Sogn og Fjordane 1873 454 1419


I tillegg er det mange årsverk i grunnskulen som vert utført av assistentar.
I Hordaland er talet 934 mot 928 i fjor. 536 av desse er i år knytte til tiltak etter vedtak om spesialundervisning.

I Sogn og Fjordane er det 227 årsverk assistentar – mot 226 sist skuleår. 136 av desse er i år knytte til spesialundervisningstiltak.

Målform

I Hordaland har 62 prosent av elevane bokmål som hovudmål og 38 prosent nynorsk. I Sogn og Fjordane er fordelinga 98 prosent nynorsk og 2 prosent bokmål.

Særskilt språkopplæring

Elevar i grunnskulen som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, har rett til særskilt norskopplæring fram til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa.

Tal elevar som får særskilt språkopplæring:

Hordaland 2019-20 3320
  2018-19 3513
Sogn og Fjordane 2019-20 691
  2018-19 759


144 elevar i Sogn og Fjordane og 2235 i Hordaland, får i tillegg morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring.

Dei største språkgruppene er:
Hordaland - arabisk (471), polsk (275) og engelsk (120)
Sogn og Fjordane – arabisk (66), somalisk (11) og polsk (10)

I alt er 23 ulike språk representert i grunnskulane i Sogn og Fjordane. I Hordaland er det 76 ulike språk.

Spesialundervisning

På landsbasis er tal elevar med spesialundervisning stabilt. Delen elevar med spesialundervisning i grunnskulen er no 7,7 prosent. Den same tendensen gjeld våre to fylke. Tal elevar med enkeltvedtak om spesialundervisning er dette skuleåret 7 prosent i Hordaland og 8,9 prosent i Sogn og Fjordane.

I Sogn og Fjordane er 69 prosent av elevane med enkeltvedtak om spesialundervisning gutar og 31 prosent jenter. I Hordaland er fordelinga 68 prosent gutar og 32 prosent jenter. Dette er på nivå med landet totalt sett. I begge fylka er delen elevar med spesialundervisning nesten tre gongar så høg på 10. trinn som på 1. trinn.

Valfag og framandspråk

13 ulike valfag vert tilbydd på skulane i Sogn og Fjordane. Dei tre mest populære valfaga på ungdomstrinnet er, fysisk aktivitet og helse, sal og scene og trafikk. I Hordaland kan elevane velje mellom 17 ulike valfag. Dei mest populære er fysisk aktivitet og helse, sal og scene og Natur, miljø og friluftsliv.

Vel 69 prosent av elevane på ungdomssteget i Hordaland vel eit andre framandspråk. I Sogn og Fjordane 59 prosent. Fordelinga mellom språka:

   tysk fransk spansk italiensk andre språk
Hordaland 20,89 11,08 37,13 0,01 0,20
Sogn og Fjordane 36,50 5,42 15,99 0,00 0,89


Arbeidslivsfag er eit viktig tilbod med tanke på førebuing til vidaregåande opplæring og val av yrkesfag. I Sogn og Fjordane vel no over 20 prosent av elevane på 10. trinn dette faget. Ein aukande del elevar finn dette faget interessant.

Andelen elevar på ungdomstrinnet som vel arbeidslivsfag:

   År 8. årstrinn 9. årstrinn 10. årstrinn
Hordaland 2019-20 12,23 14,97 15,31
  2018-19 11,45 12,40 13,16
  2017-18 9,62 11,80 13,49
Sogn og Fjordane 2019-20 19,08 22,57 20,08
  2018-19 17,84 18,78 19,70
  2017-18 16,24 17,78 13,27


Skuleskyss

34 prosent av elevane i Sogn og Fjordane nyttar skuleskyssen. I Hordaland er det 25 prosent.

Vaksenopplæring

I år er det 237 vaksne i Sogn og Fjordane og 911 i Hordaland som får opplæring på grunnskulen sitt område. Dei fleste av desse er frå språklege minoritetar.
I Hordaland er 100 årsverk og i Sogn og Fjordane 43 årsverk knytte til denne opplæringa.

Kulturskule

I Sogn og Fjordane er det 3042 elevar ved kulturskulane. Av desse er 2617 elevar i grunnskulealder. I tillegg er det 462 elevar som står på venteliste.
I Hordaland er tala 8891 deltakande elevar. Av desse 7904 i grunnskulealder. 2606 elevar står på venteliste.

Musikkopplæring utgjer det største tilbodet, men også mange vel teater, dans og visuelle kunstfag.

255 årsverk i Hordaland og 103 i Sogn og Fjordane er direkte knytt til undervisning i kulturskulen.

Det er stor skilnad på skulepengesatsen for kulturskulane i fylka. I Hordaland er Askøy dyrast 4862 kr. Masfjorden billegast med kr. 2306 . I Sogn og Fjordane er Vik kommune dyrast med kr. 4920. Billegast er Gulen og Vågsøy med kr. 2500.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.