Tilsyn med Bergen kommune har avdekt brot på reglane om privat heimeopplæring

Vi har ført tilsyn med Bergen kommune. Temaet for tilsynet var rett og plikt til grunnskuleopplæring, privat heimeopplæring, og internkontroll etter kommunelova. Vi fann brot på alle desse temaa.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.01.2022

Våre funn i tilsynet

Statsforvaltaren fann at Bergen kommune ikkje følger lova når det gjeld desse temaa. Bergen kommune har til dømes ikkje rutinar for å registrere elevar med privat heimeopplæring, dei har ikkje rutinar for å gjennomføre tilsyn med den private heimeopplæringa, og dei har ikkje rutinar for å avdekke og følgje opp avvik, og risiko for avvik, ved heimeopplæringa.

Privat heimeopplæring

Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til ei offentleg grunnskoleopplæring. Plikta kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring. Slik tilsvarande opplæring kan vere privat heimeopplæring.

Privat heimeopplæring inneber at foreldra sjølv underviser sine eigne barn. Privat heimeopplæring må avgrensast mot skuleverksemd, og dette er noko anna enn heimeskule i samanheng med til dømes covid-19.

Det er kommunen som er ansvarleg for at den private opplæringa er tilsvarande den som barnet ville fått i ein offentleg skule. Kommunen kan føre tilsyn med den private heimeopplæringa. Det er ikkje stilt konkrete krav om korleis tilsynet skal bli utført, men det er opp til den enkelte kommune å utarbeide rutinar for gjennomføringa av tilsynet. Når det er tvil om heimeopplæringa er tilfredsstillande, kan kommunen kalle barnet inn til særskilte prøver. Kommunen har og høve til å krevje at eleven skal kome tilbake på nærskulen sin.

Vi har ført tilsyn på desse temaa fordi vi vurderer at konsekvensane for elevane kan bli store dersom lova ikkje blir følgt.

Internkontroll

Kommunen skal ha internkontroll med administrasjonen si verksemd for å sikre at lover og forskrifter blir følgde. Målet for god internkontroll er å gi forsvarlege tenester i samsvar med regelverket.

I tilsynet har Statsforvaltaren undersøkt kva tiltak kommunen har sett i verk for å sikre at reglane blir etterlevde, og om tiltaka er tilstrekkelege for å oppnå formålet om å førebyggje og hindre regelverksbrot, og sikre at regelverksbrot blir oppdaga og retta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.