Vaksne minoritetsspråklege elevar kan ha rett til særskild språkopplæring
Dersom grunnskuleopplæringa er spesielt organisert for vaksne, kan vaksne ha rett til særskild språkopplæring.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Inneverande skuleår mottek ca. 1100 vaksne minoritetar i Vestland grunnskuleopplæring. Når Fylkesmannen gjennomfører tilsyn med grunnskuleopplæring for vaksne, ser vi at vaksne sin rett til særskild språkopplæring ikkje alltid er godt nok vurdert eller er teken i vare.
Grunnskuleopplæringa spesielt organisert for vaksne
Grunnskuleopplæring spesielt organisert for vaksne omfattar til vanleg dei faga den vaksne treng for å få vitnemål for fullført grunnskuleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte.
Utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne
For å få vurdert behov for særskild språkopplæring er det ein føresetnad at grunnskuleopplæringstilbodet er spesielt organisert for vaksne. Den vaksne må ha eit anna morsmål enn norsk eller samisk. Dersom kommunen kjem fram til at søkjaren ikkje har gode nok ferdigheiter til å følgje det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, må kommunen finne ut kva den vaksne har behov for. Dette kan vere behov for særskild opplæring i norsk, men den vaksne kan også trenge tospråkleg fagopplæring eller morsmålsopplæring.
Enkeltvedtak om særskild språkopplæring
Kommunen må gjere skriftleg enkeltvedtak etter opplæringslova § 4-1 som avgjer om den vaksne søkjaren har rett til særskild språkopplæring. Dersom kommunen kjem fram til at den vaksne har rett, må det gå fram av vedtaket kva tilbod kommunen meiner søkjaren treng for å få utbytte av det ordinære opplæringstilbodet. I enkeltvedtaket må kommunen opplyse om innhald, organisering og omfang. Den vaksne har rett til å klage på vedtaket og Fylkesmannen er klageinstans.
Kartlegging av vaksne sine norskferdigheiter
Retten til særskild språkopplæring gjeld inntil den vaksne har fått tilstrekkelege norskferdigheiter til å følgje den ordinære vaksenopplæringa. For å avgjere dette bør kommunen undersøke den vaksne sine norskferdigheiter ved behandling av søknaden, men ein bør også kartlegge den vaksne sine norskferdigheitene undervegs i opplæringa. Det er også mogleg å gjere vedtak om særskild språkopplæring etter at grunnskuleopplæringa spesielt organisert for vaksne har kome i gang.