Svar på høyring om kompetanseordningane i barnehage og skule
Overordna er vi samd i at dagens ordningar for lokal kompetanseutvikling, med retningslinene for tilskotsforvaltninga, kan bli enklare og betre.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 19.01.2023
I samband med at NOU 2022:13 om framtidig organisering av kompetanseutviklingsmodellar for tilsette i barnehage og skule er ute på høyring, har vi sendt eit høyringssvar til Kunnskapsdepartementet.
Vi har avgrensa vårt høyringssvar til å gjelde tilskotsordninga for barnehage, skule og støttetenestene. Dette er behandla i kapittel 9 i NOUèn.
I høgre meny kan du lese vårt høyringssvar.