Trus- og livssynssamfunn

Oppdatert 24.06.2024

Trus- og livssynssamfunn kan krevje tilskot frå staten. Trussamfunnslova stiller krav om minst 50 tilskotsteljande medlemmer. Nye trus- og livssynssamfunn må registrere seg før dei kan få tilskot. Alle samfunna skal bruke den digitale løysinga til å sende inn søknad om registrering, krav om tilskot med meir. Fristen for å kreve tilskot er 1. mars kvart år.

Satsen som blir brukt for å berekne statstilskotet til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er 1419 kroner per medlem. 

  • Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus behandlar saker som gjeld samfunn i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.
  • Saker som gjeld trus- og livssynssamfunn med adresse utanfor Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus blir behandla hos Statsforvaltaren i Agder.

Frist for å sende inn årsrapport og rekneskap er 10. april.

Sjå meir informasjon om ordninga og bruk av den digitale løysinga.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 19.02.2021, Sist endra 24.02.2021

Søknad om statstilskot for trus- og livssynssamfunn

Søknader om statstilskot skal sendast via ny digital løysing, og frist er utsett til 9. april 2021. Statsforvaltaren i Agder er kontaktpunkt for informasjon og rettleiing om spørsmål til statstilskot.


Publisert 21.10.2020

Ny lov om trus- og livssynssamfunn

Stortinget har vedteke ei ny lov om trus- og livssynssamfunn (trussamfunnslova), som tek til å gjelde frå 1. januar 2021.


Publisert 28.05.2020

Sats for berekning av statstilskot til til trus- og livssynssamfunn 2020

Satsen for berekning av statstilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja i 2020, er 587 kroner per medlem.


Publisert 28.05.2020

Tilskot til finansiering av private kyrkjebygg 2020

Føremålet med tilskotsordninga er å gje trussamfunn utanfor Den norske kyrkja og private stiftingar og frivillege organisasjonar innanfor den norske kyrkja moglegheit for å kjøpe kyrkjebygg, med lågare eigenfinasiering.


Publisert 21.03.2020

Utsett frist for innsending av rekneskap og årsmelding for trus- og livssynssamfunn

Barne- og familiedepartementet har gitt utsett frist for innsending av rekneskap og årsmelding til samtlege trus- og livssynssamfunn på grunn av det pågåande koronautbrotet. Dette gjeld i første omgang fram til 15. mai 2020.


Publisert 18.02.2020

Krav om tilskot til trus- og livssynssamfunn 2020

Frist for å sende inn krav om tilskot til trus- og livssynssamfunn for 2020 er 1. mars. Her finn du informasjon og skjema som skal nyttast.


Publisert 03.09.2019

Tilskot til trus- og livssynssamfunn - ny frist for å sende inn korrigert oversikt over medlemer i 2019

Den nye fristen er sett til 13. september 2019


Publisert 22.08.2019

Ny frist for å krevje tilskot til trus- og livssynssamfunn 2019

Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja som enno ikkje har fremja krav om tilskot for 2019, kan krevje tilskot innan 13. september 2019.


Publisert 20.02.2019

Søknad om tilskot til trus- og livssynssamfunn 2019

Frist for å sende inn krav er 1. mars 2019.