Arbeidsmiljøet til barna blir ikkje sikra gjennom kommunane sine tilsyn
Eigarar og leiarar av barnehagar og skular skal sikre gode inne- og utemiljø for barna, og kommunane fører tilsyn med barnas «arbeidsmiljø».
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fjorårets landsomfattande tilsyn avdekte lovbrot i 42 av dei 51 kommunane der det vart gjennomført tilsyn.
I Vestland undersøkte vi kommunane Askøy, Osterøy, Aurland, Flora, Fitjar og Kvam i 2019. Tilsyna med Aurland, Fitjar og Kvam er endå ikkje avslutta.
Les meir om resultata frå våre tilsyn i denne saka.
Bidra til læring og forbetring
Det blei gjennomført tilsyn i 51 kommunar over heile landet, og konstatert lovbrot i 42 av desse. I tilsyna har fylkesmennene undersøkt om kommunane utfører tilsynsarbeidet i tråd med krav i folkehelselova, slik at dårleg inneklima og andre miljømessige forhold som er ulovlege blir retta, heiter det i oppsummeringsrapporten frå Statens helsetilsyn.
Rapporten kan bidra til læring og forbetring av tilsynet med barnas «arbeidsmiljø». Kommunane bør bruke erfaringane frå enkeltrapportane og oppsummeringsrapporten til å gjennomgå eigen praksis. Eit særleg ansvar for dette ligg i kommuneleiinga.
Fylkesmannen fører tilsyn med kommunane sitt tilsyn
Eigarar og leiarar av barnehagar og skular har ansvar for inne- og utemiljøet til barna. Tilsynsansvaret til kommunane omfattar alle barnehagar og skular som ligg i kommunen. Fylkesmennene har undersøkt om kommunane tok vare på tilsynsansvaret.
Frå rapporten kjem det fram at lovbrota som vart funne i tilsyna gjaldt
- at kommunen ikkje sikrar at det blir gjennomført tilsyn
- at tilsyn ikkje blir gjennomført regelmessig
- at tilsyn ikkje var tilstrekkeleg basert på kunnskap om risiko
- at kommunen ikkje hadde styringsaktivitetar for å følgje med på tilsynsarbeidet
- oppgåvene blei teke vare på i tråd med krav i lov og forskrift
Det landsomfattande tilsynet viser at denne tilsynsordninga ikkje fungerer som tenkt, og ikkje godt nok.