Har personar som får barnepensjon rett på kvalifiseringsprogram?

Fleire har fått rett på barnepensjon etter at den øvre aldersgrensa gjekk frå 18 til 20 år. Dette kan påverke retten nokre unge har til kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad.

Publisert 10.06.2024

Kvalifiseringsprogram er ei av tenestene i sosialtenestelova, og dei som deltek i programmet har rett på kvalifiseringsstønad.

Eitt av inngangsvilkåra for å få kvalifiseringsprogram er at personen har nedsett arbeids- og inntektsevne, og at hen har ingen eller svært avgrensa rettar etter folketrygdlova og arbeidsmarknadslova. Deltakaren må vere mellom 18 og 67 år.

Barnepensjon

Dersom ein person under 20 år mistar ein eller begge foreldra sine, kan vedkomande ha rett på barnepensjon. I januar i år vart retten til barnepensjon utvida til å gjelde til fylte 20 år. Fleire Nav-kontor har stilt spørsmål om kva dei skal gjere når ein deltakar i kvalifiseringsprogram får rett til barnepensjon, eller ein person med barnepensjon søker om kvalifiseringsprogram.

Skjønnsmessig vurdering

Arbeids- og velferdsdirektoratet har i brev av 28. mai 2024 gitt føringar for kva vurderingar Nav-kontoret må gjere i slike situasjonar. Dei viser til rundskriv 35 til sosialtenestelova punkt 4.29.1.7:

«Formålene med loven og kvalifiseringsprogrammet er retningsgivende for skjønnet. De gjeldende statlige retningslinjene for økonomisk stønad til livsopphold, uten boutgifter, kan være et utgangspunkt for vurderingen av hva som ligger i betegnelsen «svært begrensede ytelser». Hvis ytelsen er på nivå med, eller lavere enn, den veiledende normen for husstanden, kan ytelsen anses som svært begrenset».

Du kan lese meir meir om føringane frå direktoratet i brevet som ligg under «Dokument».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.