Nettundervisning om koronavirus og covid-19 i sjukeheimar
Fredag 3. april held Folkehelseinstituttet nettundervisning om koronavirus og covid-19, og korleis dette bør handterast i sjukeheimar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tidspunkt for nettundervisninga er fredag 3. april klokka 11.00 – 12.30. Undervisninga blir publisert på FHI sine nettsider i etterkant.
Tema for undervisninga er:
- nytt koronavirus og covid‐19
- korleis smitte blir spreidd
- tiltak for å hindre smittespreiing (inkl. bruk av vernesutstyr)
- reinhald, desinfeksjon og avfallshandtering
Det vil bli høve til å stille spørsmål i undervegs, som vil bli svart i etterkant av undervisninga. Det er sett av 30 minutt til spørsmål. Du kan også sende inn spørsmål på førehand til she-konferanse@fhi.no.
Kontaktperson hos FHI er seksjonsleder Hanne-Merete Eriksen-Volle, e-post hanne-merete.eriksen-volle@fhi.no.
Slik deltek du
Det er gratis å delta på undervisninga og det krev ingen påmelding. Om du vil delta nyttar du lenka til Teams under.
Du kan delta sjølv om du ikkje har Teams. Då vel du berre «Se på nettet», som kjem som eit alternativ etter du har trykt på lenka. Deretter skal du krysse av for at du ønsker å delta anonymt.