Sju nye Nav-kontor får tilskot til å vidareutvikle kontorets sosiale tenesteyting
Statsforvaltaren i Vestland har tildelt prosjektmidlar til 35,5 stillingar i 26 tiltak i Nav-kontor i Vestland. Sju av tiltaka er nye i år, medan resten var inne i tilskotsordninga frå tidlegare.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Totalt har vi tildelt 15 691 691 kroner i tilskot i 2021. I tillegg kjem 8 912 456 kroner som vi tildelte i fjor, og som er overført til i år. Dette betyr at Nav-kontor i Vestland i år har 24 604 147 kroner til rådvelde til å vidareutvikle si sosiale tenesteyting.
Utviklingstilskotet skal gå til prosjektstillingar
Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontora, og tilskotet skal nyttast til å finansiere prosjektstillingar i den kommunale delen av Nav.
Tilskotet skal gå til utviklingstiltak som bidreg til eit heilskapleg og samordna tenestetilbod, tilpassa brukarane sine behov. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer skal brukarane oppleve auka kvalitet i tenestene, og med det få betra levekåra sine.
Dei sju nye tiltaka
Kvart tiltak kan få tilskot til å finansiere prosjektstillingar i tre år. No i 2021 har vi tildelt tilskot til ti nye stillingar i sju Nav-kontor:
Nav-kontor | Tiltakets namn | Stillingar |
Nav Bergen nord | TIS - Tidlig intervensjon i skolen | 2 |
Nav Bergen sør | KlarA - Klar til arbeid/aktivitet | 2 |
Nav Kvam | Tverrfagleg oppfølgingsteam: Trivselsvaktmeister i tverrfagleg team | 2 |
Nav Fensfjorden | "Ansvarleg ungdom" | 1 |
Nav Ullensvang | Kartlegging av levekårsutfordringer i barnefamilier | 1 |
Nav Bergenhus | SoMe gjeldsrådgivning | 1 |
Nav Øygarden | Tverrfagleg ungdomslos | 1 |
Dei fem tiltaka øvst i tabellen fekk tilskot innanfor vår ordinære tilskotsramme for 2021. Til dei to tiltaka «SoMe gjeldsrådgiving» og «Tverrfagleg ungdomslos» fekk vi ekstraløyving frå Arbeids- og velferdsdirektoratets tilskotsramme for tiltak som kan ha nasjonal interesse, men som ikkje fekk tilskot innanfor Statsforvaltaren si ordinære tilskotsramme.
Klikk på lenkja under fana "Dokument" får å sjå heile oversikta over tiltak som er inne i tilskotsordninga.