Forpliktar seg til å jobbe for ei inkluderande fritid for barn og unge

Representanar frå tretten organisasjonar signerte Fritidserklæringa Vestland 28. september. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune.

Tretten aktørar i Vestland har signert Fritidserklæringa Vestland. Og med det er Vestland første fylket i landet med ei slik erklæring. 

Publisert 30.09.2024

Alle barn og unge skal kunne delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet i lag med andre. 

Det er visjonen i Fritidserklæringa Vestland. 

– Barn og unge er ei viktig målgruppe for oss, særleg gjennom vår kontakt med kommunane. Tilgang på fritidsaktivitetar førebygger utanforskap og bidreg til inkludering og god folkehelse. Statsforvaltaren skal dessutan hjelpe til med å gjere fritidserklæringa kjent i kommunane, og bidra til at dei legg til rette for et godt samarbeid med frivillige lag og foreiningar. Vi er glade for å vere ein del av denne satsinga!

Det seier statsforvaltar Liv Signe Navarsete.

Håpar fleire følgjer etter  

Fritidserklæringa byggjer på barnekonvensjonen til FN, artikkel 31, som seier at barn har rett til kvile, fritid og leik, og til å ta del i kunst og kulturliv. Tretten offentlege og frivillige organisasjonar signerte fritidserklæringa under frivilligkonferansen i Bergen 28. september. 

Les meir om Fritidserklæringa Vestland i følgjande artikkel: Vestland blir første fylke til å signere fritidserklæring

Der deltok også kultur- og likestillingsminister, Lubna Jaffery, som håpar fleire fylke følgjer Vestland. Les meir i artikkelen til Vestland fylkeskommune: Forpliktar seg til å jobbe for ei inkluderande fritid for barn og unge - Vestland fylkeskommune

Gjennom fritidserklæringa har organisasjonane blant anna forplikta seg til å jobbe for at fritidsaktivitetar skal vere opne, trygge og inkluderande, og at fleire arenaer skal vere universelt utforma. Andre mål i erklæringa er å fjerne både fysiske og psykiske barrierar for deltaking, og sikre at barn og unge får seie meininga si i utviklinga av fritidsfeltet. 

Desse har signert Fritidserklæringa Vestland 

  • Vestland fylkeskommune 
  • KS Vestland 
  • Statsforvaltaren i Vestland 
  • Vestland ungdomsutval 
  • Vestland Musikkråd 
  • Vestland Idrettskrets 
  • Forum for Natur og Friluftsliv Hordaland 
  • Forum for Natur og Friluftsliv Sogn og Fjordane 
  • Vestland Innvandrerråd 
  • Vaksenopplæringsforbundet Vestland 
  • Vestland Frivilligsentralar 
  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) Vestland 
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) Sørvest og Nordvest 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.