Bruk av tittel som krev autorisasjon

Arbeidsgjevar har ansvar for å sikre at dei tilsette har autorisasjon, samtidig som helsepersonell sjølv har ansvar for å sikre at dei faktisk har denne. 

Publisert 24.07.2019, Sist endra 02.07.2024

Ei utdanning gir ikkje helsepersonell automatisk rett til å kalle seg til dømes helsefagarbeidar, lege eller tannteknikar.

Det er 29 grupper som har beskytta tittel. Du finn ei oversikt over desse i helsepersonellova paragraf 48. Vilkåra for autorisasjon er skildra i paragraf 48a.

Arbeidsgjevar sitt ansvar

Som arbeidsgjevar har du ansvar for at dei tenestene som blir ytt er forsvarlege. Ein føresetnad for å tilby forsvarlege helsetenester er at det helsepersonellet som vert tilsett har dei kvalifikasjonane og den kompetansen som stillinga krev.

Arbeidsgjevaren må ved tilsetting av helsepersonell sikre at den som blir tilsett har:

  • Gyldig norsk autorisasjon, lisens og spesialistgodkjenning, når dette er eit vilkår for tilsettinga
  • Nødvendige munnlege og skriftlege språkkunnskapar og -forståing
  • Nødvendig fagleg kompetanse og evne
  • Dokumentert og attestert tidlegare og noverende arbeidsforhold på ein forsvarleg måte (arbeidsgjevar bør her også innhente referansar frå tidlegare arbeidsgjevarar).

Du finn råd og retttleiing i Helsedirektoratet sin nasjonale rettleiar "Ansettelse av helsepersonell".

Helsepersonell sitt ansvar

Dersom du som helsepersonell ønskjer å nytte ein beskytta tittel må du søkje om autorisasjon hjå Helsedirektoratet. Du søkjer om autorisasjon på Helsedirektoratet si heimeside. 

Helsepersonellregisteret (HPR)

Helsepersonell med norsk autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning og dermed rett til å nytte beskytta tittel skal vere registrerte i HPR.

Er du usikker på om du eller ein av dine tilsette har autorisasjon kan du gå inn på helsepersonellregisteret og sjekke.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.