Helsehjelp til pasientar som blir flytta grunna plassmangel

Pasientane skal få forsvarleg helsehjelp uavhengig av korleis sjukehusa løyser utfordringar med overbelegg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.09.2019

Dette undersøkjer Fylkesmennene ved tilsyn med spesialisthelsetenesta i 2019 og 2020.

Ved tilsyna ser vi nærare på om helseføretaka har sett i verk naudsynte tiltak for å redusere risikoen for svikt når pasientar blir flytta til annan sengepost på grunn av plassmangel. 

Tilsyna med helseføretaka i region vest blir gjennomført av eit tilsynslag med tilsette frå Fylkesmannen i Rogaland og Fylkesmannen i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar