Nye råd skal førebygge fall blant eldre
Fall er den hyppigaste ulykkestypen blant eldre. Nye nasjonale faglege råd skal bidra til førebygging.
Fall har store samfunnsmessige konsekvensar, både for den enkelte, pårørande og alle nivå i helsetenesta. Vidare er fall den hyppigaste type ulukke som rammar eldre menneske, og risikoen for å falle aukar med alderen. Skadar som følgje av fall inneber plagar og redusert livskvalitet for den enkelte, og kan variere frå blåmerke til brot- og hovudskade, og til ytste konsekvens dødsfall.
Det er difor eit stort behov for å førebyggje fallskader.
Nasjonale faglege råd om fallførebygging hos eldre, finn du på Helsedirektoratet si heimeside: Fallforebygging hos eldre - Helsedirektoratet
Du kan også sjå opptak av webinar der råda blir presentert: Webinar - Nasjonale faglige råd om fallforebygging hos eldre v3 (brightcove.net)