Ny strategi mot antimikrobiell resistens

Strategien har ei gjennomgåande tilnærming der folkehelse, dyrehelse, plantehelse og miljø blir sett i samanheng.

Publisert 03.10.2024

Antimikrobiell resistens (AMR) er ei av verda sine største helseutfordingar, og den nye strategien skal bidra til å redusere risikoen for at AMR aukar og utviklar seg til eit uhandterleg problem i Noreg.

Strategien «Nasjonal én-helse strategi mot antimikrobiell resistens» gjeld for perioden 2024-2033, og har seks overordna mål:

  • Styrke det tverrsektorielle AMR-samarbeidet
  • Forsterke førebygginga av AMR
  • Sikre restriktiv og forsvarleg bruk av antimikrobielle middel
  • Sikre tilgang til naudsynte antimikrobielle middel
  • Auke og nyttiggjere kunnskap om AMR
  • Vere ein aktiv pådrivar i den globale kampen mot AMR

Strategien er utarbeidd av Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.