Statens vegvesen søkjer om løyve til utfylling i sjø
- Høyringsfrist:
- 26. august 2019 23:00
Statens vegvesen søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling av omlag 120 000 m3 sprengstein i Årdalsfjorden ved Årebu i Årdal kommune. Frist for uttale er 26. august 2019.
Dei søkjer om å få deponere inntil 120 000 m3 overskotsmassar frå tunellutvidinga i Årdalsfjorden ved Årebu. Djupne på deponiområdet er frå minus 10 meter til minus 90 meter. Sjøbotnarealet er angjeve til 0,4 km2.
Statens vegvesen har ikkje funne mottakarar for anna bruk av alle overskotsmassane og har søkt Miljødirektoratet om samtykke til å få deponere massane i sjø, jf. forureiningslova § 32. Planlagt tidsperiode er frå mai 2020 til oktober 2021.
Deponiområdet er undersøkt av NIVA og NINA og det er ikkje venta vesentlege varige negative effektar på naturmangfaldet i følgje søknaden. I nedre del av deponiområdet er det påvist forureina sediment som vert dekka til med sprengstein. Avbøtande tiltak for å redusere forureining er å unngå partiklar i dei øvste 10 meter av sjøen av omsyn til anadrom fisk, å måle turbiditet under utfylling med alarmgrenser for stans i utfyllinga, siltgardin rundt utfyllingsområdet og bruk av elektroniske tenner og stålarmering ved sprenging av tunell for å redusere forureining av plast i utfyllingsmassane.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er 26. august 2019.
Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2019/12407. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 26. august 2019 23:00