Søknad om utsleppsløyve i samband med bygging av tunnel for Boliden Odda AS
- Høyringsfrist:
- 6. mai 2022 23:59
Boliden Odda AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa anleggsvatn i samband med bygging av tunnel til framføring av røyrgater på Eitrheimsneset i Ullensvang kommune.
Om tiltaket
Det skal byggjast 170 m tunnel med eit tunnelprofil på 36 m2. Opp mot 100 m av tunnelen må drivast med "drill & splitt"-metode (dvs. utan sprenging) av omsyn til strenge krav for overliggande oksygenfabrikk. Til sprengingsarbeidet skal slurry eller patronert sprengstoff nyttast. Planlagt oppstart omlag juni 2022, og forventa drivetid for tunnelen er omlag 2 månader.
Det vil i drivefasen av anleggsarbeidet bli danna drifts- og drensvatn frå tunnelboremaskina og innlekkasje av vatn frå fjellet. Vatn frå anleggsarbeidet skal reinsast før utslepp til resipient. Det skal etablerast eit konteinarbasert reinseanlegg som vil bestå av oljeutskiljar og sedimentasjonsbasseng. Det er per i dag ikkje bestemt om vatnet vil bli sloppe i strandlinja, eller som dykka utløp i Sørfjorden.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2018/2127. Frist for å gje fråsegn er 6. mai 2022.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 6. mai 2022 23:59