EV Services søkjer om løyve til å etablere anlegg for kasserte kjøretøy i Bergen
- Høyringsfrist:
- 27. januar 2023 23:59
EV Services AS avd Bergen søkjer om løyve etter forureiningslova til å etablere eit behandlingsanlegg for kasserte køyretøy ved Flesland i Bergen kommune. Anlegget er planlagt etablert i Lønningsvegen 12.
Om tiltaket
Verksemda søkjer om å kunne fjerne batteri og andre høgkostnadskomponentar frå skadde elektriske køyretøy før dei går til vidare miljøsanering hos godkjent anlegg. Anlegget skal ikkje skrive ut vrakpant. Verksemda søkjer om å kunne ta i mot inntil 300 køyretøy årleg.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2022/17054. Frist for å gje uttale er 27. januar 2023.
Alle uttaler blir registrerte i vår postjournal. Alle må derfor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 27. januar 2023 23:59