Søknad om løyve etter forureiningslova - anleggsarbeid i elv og på land for å etablere Elvepark - Bergen kommune

Høyringsfrist:
9. februar 2024 23:00
Elveparken er vist med blå avgrensing

Bergen kommune skal etablere ein Elvepark på Grønneviksøren vest for nedre del av Møllendalselva inst i Store Lungegårdsvann. Det krevs fjerning av lettare forureina massar i elv og på land og anleggsarbeida vert regulert med løyve etter forureiningslova.

Tiltaket er planlagt oppstarta januar 2025 med forventa ferdigstilling i april 2026.

Publisert 09.01.2024

Om tiltaket

Bergen kommune planlegg å transformere området på Grønneviksøren vest for den nedre strekningen av Møllendalselven til eit nytt byområde med parkareal og bustader. Planane omfattar prosjektområda Pilot Grønneviken, Elveparken og Strandparken

Grønneviksøren blei brukt til åpent, ukontrollert deponi i perioden 1945 til 1975, og området har også vært brukt til ulikt industri- og næringsformål. Det er derfor ulike miljøproblem som må ryddast opp i ved ein omregulering av områda til bolig- og parkformål.

Denne søknaden omhandler kun arbeida på land og i elv knyttet til etablering av Elveparken, markert med blått i figuren over. 

Cowi har utarbeida ein tiltaksplan/søknad som inkluderer resultat av prøvetaking av jord og elvesediment, ein miljørisikovurdering og forslag til avbøtande tiltak for utføring av arbeida for å redusere risiko for forurensning og negativ påvirkning til et akseptabelt nivå.

Kva regulerer eit løyve til anleggsarbeid?

Løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid vil mellom anna

  • regulere korleis arbeidet skal utførast,
  • kva avbøtande tiltak som skal nyttast  
  • korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2023/1741. Frist for å gje fråsegn er 9. februar 2024.

Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.