Søknad om utfylling i sjø for sikring av brufundament - Fv 606 Ytre Steinsund bru Solund kommune

Høyringsfrist:
26. april 2024 23:00
Brufundamentet som skal vernast (akse tre) er merkt med grøn sirkel

Vestland fylkeskommune skal sikre eit brufundament i Ytre Steinsund bru med å fylle sprengstein i sjøen rundt fundamentet og etablere ein støtbarriere. 

Publisert 22.03.2024

Vestland fylkeskommune byggjer Fv. 606 Ytre Steinsund bru og skal våren 2024 fylle ut ca. 7 000 m3 sprengstein i sjøen rundt eit brufundament for å sikre det mot påkøyringar. Utfyllinga skal fungere som støtbarriere/påkøyringsvern og fyller ca. 800 m2 sjøbotn. Arbeida er estimerte til å vare i fire månader, og oppstart er i søknaden oppgitt til etter gyteperioden for torsk/hyse i nærliggande gytefelt (det vil seie ikkje utfylling i februar, mars og april). Utfyllingsmassane er overskotsmassar frå andre arbeid med brua, undervass sprenging og utsprenging av landfundament. Utfyllinga skjer ved bruk av lekter. Vestland fylkeskommune har risikovurdert tiltaket og vurderer at fare for forureining/negativ påverknad blir akseptabel ved å unngå utfylling i gyteperioden og overvake utfyllinga med turbiditetsmålere.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2020/17795. Frist for å gje fråsegn er 26. april 2024.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.