Vi startar frivillig skogvern av Hammarland i Fusa

Høyringsfrist:
19. september 2024 23:00
Framlegg om Hammarland naturreservat. Området er ein del av det største samahengande skogområdet i Vestland. Foto: Vebjørn Enerstvedt, AT Skog.

Området utgjer drygt 500 dekar og vil sikra fleire trua artar i vestnorsk regnskog og rik edellauvskog. Arealet er ein del av dei største samanhengande skogområda i Vestland. Frist for uttale er 19. september.

Publisert 29.08.2024

Etter dialog med grunneigarane og AT Skog melder vi formell oppstart av frivillig skogvern på Hammarland ved Gjønavatnet i Fusa.

Arealet utgjer om lag 500 dekar og derav 475 dekar skog og av dette igjen 314 dekar produktiv skog. Arealet består av ei bratt fjordli og såleis inngår også noko skrinnare parti med berghamrar og ur.

Føremålet med dette brevet er å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Planstatus

I gjeldande kommuneplan har området føremålet landbruk, natur- og friluftsføremål (LNFR). Delar av området går inn i omsynssone for ras – og skredfare, bevaring naturmiljø og bevaring kulturmiljø.

Det er ingen kraftlinjer eller andre tekniske inngrep innafor verneframlegget.

Nasjonale naturverdiar

Området ligg om lag 5 km aust for tettstaden Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune. Arealet har i hovudsak ein austleg eksposisjon og ligg på vestsida langs Gjønavatnet, og er innafor boreonemoral vegetasjonssone i sterk oseanisk seksjon. Areala er ein del av Kikedalen som er eit av 18 område i Vestland som er klassifisert som nasjonalt verdifullt kulturlandskap. Styvingsskogen i dei bratte dalsidene går attende til mellomalderen. Heile dalføret ber preg av at ein har drive med tradisjonell forsanking heilt fram til vår tid.

Tilbodsområdet utgjer skog av varierte kvalitetar, frå fattig bjørkeskog til svært store naturkvalitetar til styvingstre av ask i boreonemoral regnskog. I øvre parti førekjem vekselvis rike og fattige skogtypar om kvarandre, og skogen er truleg blitt beita tidlegare. I nedre parti rett ovanfor Hammarland gard finn ein styvlingsli med ask. Desse er grove, med høg tettleik av tre og område vert vurdert som svært verdifullt. Lia er tidlegare registeret under naturtypekartlegginga og klassifisert som A-verdi (DN-handbok 13). Den sjeldne og sterkt trua (EN) regnskoglaven strutlav Gomphillus calycioides er konstatert på fleire av dei styva asketrea. Bleik kraterlav (VU) Gyalecta flotowii er konstatert frå før i 2001 og veks på gamle styva aske - og almetre.

Vernet vil dekke manglar i skogvernet

Vern av tilbodsområdet Hammarland vil bidra til å dekke manglar i skogvernet av boreonemoral regnskog og frisk rik edellauvskog som begge er raudlista naturtypar. Registrerte raudlista artar er særleg knytt til boreonemoral regnskog og gamle alme - og asketre: alm (EN), ask (EN), strutlav (EN, bleik kraterlav (VU), almekullsopp (NT).

Arealet er ein del av eit større dalføre med lang kontinuitet med ivaretaking av gamle lauvtre for styving og areala er ein del av dei største samanhengande skogområda i Vestland.

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

I Hammarland er dei viktigaste artsførekomstane knytt til gamle lauvtre og særleg styvingstre av ask. Fleire trua regnskogslav som strutlav og bleik kraterlav lever på desse trea. Foto: Vebjørn Enerstvedt, AT Skog.


Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland

Det er eit nasjonalt mål å redusere tap av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med berre tre prosent av skogen verna, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Frivillig skogvern har fått ei styrka økonomisk ramme i 2024 og ordninga vil vere viktig for å sikra viktig skognatur i åra som kjem.

Dette er eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Ved vernevedtak har grunneigarane akseptert det økonomiske tilbodet frå staten.

Kva betyr det at eit område vert verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigar vil framleis ha rett til jakt, fangst og fiske. og ålmenta vil framleis kunne plukke matsopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. I utkastet til verneforskrift som ligg ved dette dokumentet kan ein lese alle vernereglane.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil Statsforvaltaren sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.

Du kan også sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no. Vi har også ei eiga temaside om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga.

Frist for å kome med innspel er 19. september 2024

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.