Vi startar vern av nasjonalt viktig natur på Stroka i Solund

Høyringsfrist:
28. februar 2025 23:59
eit landskap med berg og flekker av vegetasjon med lågt skydekke over
Eit variert landskap gjev grunnlag for variasjon i levestader, og dermed også i artar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Henriette Bye.

Området er på drygt 975 dekar, og består av ein blanding av dei to truga naturtypane naturbeitemark og kystlynghei. Vernet vil bidra til bevaring av eit område som også husar fleire truga artar. Frist for innspel er 28. februar 2025.

Publisert 17.01.2025

Nasjonalt oppdrag

Verneframlegget er ein del av det nasjonale oppdraget Bevaring av verdifull natur som for Vestland sin del omfattar oppretting av tre nye nasjonalparkar og 22 andre verneområde.

Eitt av desse områda er det vi her vel å kalle Stroka, som dekkjer eit areal på drygt 975 dekar. Med dette kandidatområdet vil det totale verna landarealet i Solund gå frå 2,2 prosent til 2,6 prosent.

Føremålet med vern av området er å ta vare på trua, sjeldan og sårbar natur ved etablering av landskapsvernområde, jf. naturmangfaldlova § 36.

Trua og sårbar natur

Stroka består av ein blanding av naturbeitemark og kystlynghei. Naturbeitemark er ein trua naturtype grunna gjengroing og opphøyr av tradisjonell bruk. Naturtypen påverkast også i aukande grad av arealinngrep som etablering av hytter, industri og vindkraftutbygging.

Naturbeitemarka ved Stroka er eit av dei mest verdifulle kulturlandskapa som er dokumentert i Solund. Her er mellom anna ein rik førekomst av beitemarkssopp, inkludert fleire sjeldne og raudlista artar som praktraudspore, ramneraudspore og raudnande lutvokssopp. Til saman er det funne meir enn ti raudlista artar av soppar, karplantar, lav og mosar.

Naturtypen kystlynghei er raudlista som sterkt trua og er ein utvald naturtype eller naturmangfaldlova. Den er definert av tradisjonell beitedrift og lyngbrenning, og utbreiinga er avgrensa til område langs kysten. Opphøyr i beite og brenning, og følgjeleg gjengroing, utgjer det største trugsmålet.

lyngplante nærbilete
Purpurlyng er ein art som er nær truga (NT) på den norske raudlista, og er ein viktig strukturdannande art i kystlyngheia på Stroka. Foto: Artsdatabanken/ Hanne Sickel.

Lite verna frå før

Naturtypane kystlynghei og naturbeitemark har svært dårleg vernedekning frå før i Vestland og Noreg. Såleis vil dette vernet treffa godt med å ta vare på trua natur i lågland langs kysten, som er hovudføremålet med dette oppdraget.

Naturkrise også i Vestland

Globalt, så vel som lokalt i Vestland står vi overfor ei naturkrise like alvorleg som klimakrisa. Tap av natur til utbygging er den viktigaste enkeltårsaka. Temaet har mellom anna blitt godt illustrert gjennom ulike medieoppslag det siste året. Miljødirektoratet la nyleg også fram ein rapport som viser at tapet av villmarksprega natur er dobla. Frå tap av 117 kvadratkilometer i perioden 2013- 2017 til 241 kvadratkilometer i 2018-2022. Områdevern sikrar at viktig natur ikkje blir øydelagt, og er difor eit av våre viktigaste verktøy for å nå nasjonale miljømål og i møte med naturkrisa.

Dette verneoppdraget skal bidra til å dekke manglane i eksisterande verneplanar. Ved å ta godt vare på naturen i desse områda, kan dette bidra til at vi når dei nasjonale måla om bevaring av eit

representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar og om å ta vare på trua artar og naturtypar.

Planstatus i området

Det meste av arealet innanfor kandidatområder har i gjeldande kommuneplan arealføremålet landbruk-, natur-, og friluftsføremål samt reindrift (LNFR).

Nord-aust innanfor det føreslegne avgrensinga er eit område på 19,1 dekar regulert til spreidd hyttebygging og småbåthamn (planID 1412_201501). Dersom den plana skal gjennomførast, vil det vere aktuelt å justere vernegrensa utanom planområdet.

Dialog om kandidatområdet

Solund kommune og grunneigarar som eit eventuelt vern vil påverke har vorte informerte om planane om å starte verneprosess i brev av 28. november 2023. Det kom då eit innspel frå grunneigar ved gards- og bruksnummer 30/12 og 30/20, som ligg inne i verneområdet slik planen ligg føre no. Statsforvaltaren i Vestland orienterte om vernet for kommunestyret i Solund den 12. desember 2024.

Konsekvensar ved vern

Føremålet med vernet vil vere å ta vare på dei viktige naturkvalitetane. Det vil seie at det ikkje vil vere mogleg med ny utbygging eller aktivitetar som kan skade verneverdiane innafor området.

Eit vern vil gje forvaltinga betre høve til å støtte opp om tradisjonell landbruksdrift som lyngbrenning og beiting i området, noko som mykje av artsmangfaldet her er avhengig av. Særleg beitemarksoppane er artar som over svært lang tid er tilpassa moderat beitetrykk og næringstilgang, og vil såleis ikkje overleve ved tilførsel av kunstgjødsel eller gylle. Derfor bør det vere eit forbod mot slik bruk i området, noko som heller ikkje blir brukt i området i dag.

lågt skydekke over landskap med beitande sauer i det fjerne
Beiting er viktig for kystlynghei og naturbeitemark, og vil vere naudsynt i framtida for å halde landskapet ope, og for å bevara naturverdiane. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Henriette Bye.

Erstatning

Grunneigarar og rettshavarar har rett til erstatning frå staten for økonomisk tap når eit vern medfører ei vanskeliggjering av igangverande bruk etter naturmangfaldlova § 50. Grunneigar vil ha ein frist på fire månader etter vernevedtaket til å fremje skriftleg krav om erstatning til Miljødirektoratet jf. naturmangfaldlova § 51. Då er det Miljødirektoratet som har ansvaret for å sørgje for at det vert gjort erstatningsvurdering for grunneigar.

Vidare prosess

Etter at høyringsfristen er ute, vil vi gå gjennom alle innkomne innspel. Då vil vi også vurdere om det er trong for korrigering eller presisering i verneframlegget med bakgrunn i innspela. Neste etappe i verneprosessen vil vere høyring. Då vil vi presentere eit oppdatert verneforslag som også inkluderer utkast til vernereglar og vernekart.

Tiltak i forslag til verneområde

Vi minner avslutningsvis om at etter denne formelle starten av eit vernearbeid vil det ikkje kunne gjevast løyve til tiltak eller tilskot etter anna lovverk som kan få følgjer for verneforslaget jf. naturmangfaldlova § 44.

Frist for uttale er 28. februar 2025

Det vil også vere høve til å kome med uttale til høyringa seinare i verneprosessen. Du kan sende uttale digitalt til postmottaket vårt på adressa: sfvlpost@statsforvalteren.no

Dersom det er ytterlegare spørsmål kan ein ta direkte kontakt med sakshandsamarane direkte på e-post eller telefon.