Webinarserie om bustad og tenester

Foto: Husbanken.

Housing First er ein modell for varig busetting av personar med utfordringar med rus eller psykisk helse. Modellen byggjer på at tilgang til bustad er ein grunnleggande menneskerett og at deltakarar skal kunne ta eigne val av bustad og oppfølging. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.09.2021, Sist endra 04.10.2021

Gratis tilbod om webinar med opplæring i metoden 

Det er planlagt i alt åtte webinar frå september 2021 til juni 2022. Alle webinara er frittståande. Det er ikkje krav om førehandskunnskap for å delta. 

Det andre webinaret blir arrangert 4. november 2021, informasjon om komande webinar vil bli publisert fortløpande. Lenke til webinar vil bli sendt ut i forkant til påmeldte.

Målsetting i metoden

Housing First er ein metode for å tilby stabile, gode bustadar og tenester til personar med utfordringar med rus og/eller psykisk liding, der det blir lagt stor vekt på deltakarens ønskje og val.

Målgruppe

Leiarar, fagpersonar og politikarar i kommunane, deltakarar i Housing First, pårørande til deltakarar, studentar og andre som er interessert i å lære meir om Housing First.

Engasjert inspirator og coach med på laget

Den nederlandske sosialarbeidaren og coachen Rokus Loopik vil delta på alle webinara. Loopik er kjent for å inspirere og engasjere, og han vil utfordre oss på vår måte å sjå brukarar på.

Jorunn Fotland
Bilete av Rokus Loopik (foto: Jorunn Fotland/SFVL)

Prinsippa for Housing First er tema for webinarserien 

  1. Bustad er ein menneskerett
  2. Respekt og varme i møte med deltakarne
  3. Sjølvstendige leiligheiter spreidd i vanlege bumiljø
  4. Skilje mellom bustad og tenester
  5. Deltakarstyring
  6. Forplikting til å yte tenester så lenge det er naudsynt
  7. «Recovery»-orientering
  8. Skadereduksjon

Du finn meir informasjon og metodehandbok for nedlasting på veiviseren.no

Arrangørar

Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA), Husbanken, Bergen kommune, Statsforvaltaren i Rogaland og Statsforvaltaren i Vestland. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.