Skjønnsmidlar til fornying og innovasjon for 2025

Statsforvaltaren set av ein del av skjønnsmidlane til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. Føremålet er å gi kommunane støtte til å prøve ut nye løysingar for å gjere tenestene betre for innbyggjarane, og stimulere kommunane til å jobbe med fornying og innovasjon.

Publisert 12.08.2024

Vi inviterer kommunane til å søke om prosjektmidlar til fornying og innovasjon for 2025.

Søknadsfristen er 1. november 2024.

Søknadane skal som tidlegare registrerast i den felles søknads- og rapporteringsportalen Prosjektskjønn, sjå lenke til høgre. Søknadsperioden er frå 2.09.2024. til og med 1.11.2024.

I høgre kolonne finn de utsendt brev til kommunane, og retningslinjene frå Kommunal- og distriktssdepartementet om prosjektskjønn. I brevet finn de og framgangsmåte for registrering av nye brukarar av portalen.

Vi legg følgjande søknadsføremål til grunn for 2025:   

    • Kommunale tenester til helse og omsorg
    • Bustadsosialt arbeid
    • Kommunale tenester til barnehage og skule
    • Kommunal tenesteutvikling for utsette barn og unge
    • Digital forvaltning
    • Interkommunalt planarbeid
    • Samfunnstryggleik og beredskap
    • Klima- og miljøutfordringar 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.