Webinar om frivillig skogvern

Dato:
28. januar 2021 09:00 - 10:15
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Vestland
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestlandsfylka, men sjølvsagt opent for eksterne deltakarar også.

Er frivillig skogvern noko å streve etter? Det er viktig for det biologiske mangfaldet, og kan vere lønsamt for skogeigaren om skogen ikkje skal hoggast. Vi tek opp ulike sider ved temaet på webinar 28. januar.

Publisert 06.01.2021

Skog dekker 37 prosent av arealet i Noreg, og frivillig vern av skog er viktig for å ta vare på det biologiske mangfaldet. Kva er grunneigaren sitt syn på saka? Korleis går vi fram for at partane skal verte samde og vernerarbeidet optimalt?

Påmelding som vanleg via våre nettsider. 

Program: 

Statsforvaltaren  

Velkomen, køyrereglar for dette møtet   

Dirk Kohlmann  

Fagdirektør for skog, tre og grøne verdiar   

9.00 – 9.05  

Statsforvaltaren  

Kva er frivillig skogvern? Erfaringar frå Vestland fylke – kva er suksesskriterium og utfordringar?  

Magnus Johan Steinsvåg  

Seniorrådgjevar miljøavdelinga 

9.05 – 9.25  

AT Skog  

Kvifor verne skog? Grunneigar sitt synspunkt 

Jan Ivar Rødland 

Teamleiar frivillig vern 

 

9.25 - 9.40  

NORSKOG 

Korleis jobbar vi med frivillig skogvern? Korleis kan partane få til ein god prosess? 

Anders Ringstad

Skogkonsulent 

9.40 - 9.55 

Avrunding 

Magnus Johan Steinsvåg 

9.55 - 10.00 

Innspelsrunde, tilbakemeldingar, spørsmål undervegs 

 

10.00 – 10.15 

 

Påmelding Dialog SKOG nr.1/23 - 23.mars 2023

Dato:
28. januar 2021 09:00 - 10:15
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Vestland
Målgruppe:
I all hovudsak skogansvarlege og interesserte tilsette i kommunane i Vestlandsfylka, men sjølvsagt opent for eksterne deltakarar også.