Kurs i akuttmedisin for LIS1 Nordhordland legevakt
- Dato:
- 13. september 2021 10:00 - 14. september 2021 16:00
- Stad:
- Region Nordhordland Helsehus – RNH, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Arrangør:
- Helse Bergen, Helse Fonna og NHLV
- Målgruppe:
- LIS1 i kommunehelsetenesta i kommunane i gamle Hordaland
- Påmeldingsfrist:
- 23. august 2021 23:59
Kurset er for LIS1 som skal ut i kommunehelsetenesta i september 2021 og er ei blanding av teori og praksis. Merk at dette kurset er identisk med kurset 6.-7. september. Du skal delta på eit av dei.
Alle må gjennomføre eit obligatorisk nettbasert forkurs utarbeida av Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin. Hugs å ta med kursbeviset ved oppmøte.
Nordhordaland legevakt held to identiske kurs 6.-7. september og 13.-14. september. Det er «førstemann til mølla-prinsippet», så du kan bli flytta til det andre kurset, om kurset du har meldt deg på er fullt.
Kurset er godkjent som emnekurs i den norske legeforening. Statsforvaltaren dekkjer kursavgift og overnatting etter behov. De må sjølv ordne med overnatting dersom det er behov for det. Reiserekninga skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland.
Dersom du har spørsmål om kurset, ta kontakt med driftsleiar NHLV Erna Fosse på e-post.
Covid-19
Vi minner om grunnleggande føringar for smittevern knytt til møter og kursverksemd. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19, ta kontakt med arrangør. Les meir om smittevern knytt til arrangement på Folkehelseinstituttet si heimeside.
Statsforvaltaren tek atterhald om endringar dersom smittesituasjonen endrar seg.
- Dato:
- 13. september 2021 10:00 - 14. september 2021 16:00
- Stad:
- Region Nordhordland Helsehus – RNH, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Arrangør:
- Helse Bergen, Helse Fonna og NHLV
- Målgruppe:
- LIS1 i kommunehelsetenesta i kommunane i gamle Hordaland
- Påmeldingsfrist:
- 23. august 2021 23:59