Webinar om bustad og tenester
- Dato:
- 9. desember 2021 13:00 - 14:30
- Stad:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland m.fl.
- Målgruppe:
- Leiarar og fagpersonar i kommunane, deltakarar, pårørande og andre som er interessert i å lære meir om Housing First
Metoden Housing First handlar om hjelp til personar med utfordringar med rus og/eller psykisk helse, til eigen bustad og ambulant oppfølging. Tredje del i ein serie frittståande og gratis webinar om metoden blir arrangert 9. desember kl. 13.00–14.30.
Webinaret blir arrangert i eit samarbeid mellom Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA), Husbanken, Bergen kommune, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Rogaland.
Det er planlagt i alt åtte webinar i perioden september 2021 til juni 2022. Kvart webinar er frittståande og det krevst ingen forkunnskap for å delta.
Den nederlandske sosialarbeidaren og coachen Rokus Loopik blir med på webinaret. Han vil både inspirere og informere om tema som er relevante innanfor Housing First-arbeid og boligsosialt arbeid generelt.
Tema og innhald
-
Prinsipp 2 - deltakarstyring
-
Prinsipp 5 - møte deltakarane med varme og respekt
-
Prinsipp 6 - deltakarane får tenester så lenge det er nødvendig
I tillegg vil Housing First Bergen fortelje om kva dei gjer i tilfelle der deltakarar raserer leiligheiter og bryt leigekontrakten.
Lenke til webinaret blir sendt ut dagen før.
Påmeldingsfrist: 7. desember 2021.
- Dato:
- 9. desember 2021 13:00 - 14:30
- Stad:
- Digitalt (Teams)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland m.fl.
- Målgruppe:
- Leiarar og fagpersonar i kommunane, deltakarar, pårørande og andre som er interessert i å lære meir om Housing First