Kurs i akuttmedisin for LIS1 Nordhordland legevakt
- Dato:
- 7. mars 2022 10:00 - 8. mars 2022 16:00
- Stad:
- Region Nordhordland Helsehus – RNH, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Arrangør:
- Helse Bergen, Helse Fonna og NHLV
- Målgruppe:
- LIS1 i gamle Hordaland + Gulen kommune
- Påmeldingsfrist:
- 24. februar 2022 23:59
Kurset er for LIS1 som skal ut i kommunehelsetenesta i mars 2022 og er ei blanding av teori og praksis.
Alle må gjennomføre eit obligatorisk nettbasert forkurs utarbeida av Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin. Hugs å ta med kursbeviset ved oppmøte.
Det blir berre eitt kurs hjå Nordhordland legevakt i vår, 7.-8. mars.
Dersom du har spørsmål om kurset, ta kontakt med driftsleiar NHLV Erna Fosse på e-post.
Reiseutgifter
Statsforvaltaren dekkjer kursavgift og overnatting ved behov. De må sjølv ordne med overnatting dersom det er behov for det. Reiseutgifter vert dekka etter billegaste reisemåte. Du må sjølv legge ut for dette, og føre det på reiserekninga. Det vert ikkje gitt nattillegg eller kostgodtgjersle. Reiserekninga skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland, sjå meir i rettleiing reiserekning.
Covid-19
Vi minner om grunnleggande føringar for smittevern knytt til møter og kursverksemd. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått bekrefta eller sannsynleg covid-19, ta kontakt med arrangør. Les meir om smittevern knytt til arrangement på Folkehelseinstituttet si heimeside.
Statsforvaltaren tek atterhald om endringar dersom smittesituasjonen endrar seg.
- Dato:
- 7. mars 2022 10:00 - 8. mars 2022 16:00
- Stad:
- Region Nordhordland Helsehus – RNH, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Arrangør:
- Helse Bergen, Helse Fonna og NHLV
- Målgruppe:
- LIS1 i gamle Hordaland + Gulen kommune
- Påmeldingsfrist:
- 24. februar 2022 23:59
Kontaktpersonar
-
Lise Kvam
Tlf: 57 64 31 86