Fagsamling om samfunnstryggleik og beredskap
- Dato:
- 27. september 2022 10:30 - 28. september 2022 13:30
- Stad:
- Grand Hotel Terminus, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunedirektørar/rådmenn, kommuneoverlegar/smittevernlegar, beredskapskontaktar, og andre som arbeider med beredskap i kommunane og hjå regionale aktørar
Statsforvaltaren i Vestland inviterer til fagsamling om samfunnstryggleik og beredskap 27. og 28. september på Grand Hotel Terminus i Bergen.
Fagsamlinga blir arrangert i samarbeid mellom beredskapsseksjonen og helse-, sosial- og barnevernsavdelinga.
Ei viktig målsetjing er å bruke det vi har erfart og lært frå ein langvarig pandemi til å kunne gjere ein endå betre jobb i framtida.
Program for samlinga ligg som vedlegg.
Påmeldingsskjema er no lukka, viss ein ønskjer å delta må ein sende e-post til sfvlberedskap@statsforvalteren.no.
Merk: Overnatting må den enkelte sjølv bestille.
Oppdatering: Den norske legeforeininga har godkjent fagsamlinga som 8 timars valfritt kurs for leger i spesialisering i samfunnsmedisin og spesialistane i samfunnsmedisin sin etterutdanning ved deltaking på heile samlinga. Ved registrering av oppmøte på fagsamlinga ber vi om at de gir beskjed viss det er relevant for dykk, så vil vi sende ut kursbevis til dei dette gjeld i etterkant av samlinga.
- Dato:
- 27. september 2022 10:30 - 28. september 2022 13:30
- Stad:
- Grand Hotel Terminus, Bergen
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Kommunedirektørar/rådmenn, kommuneoverlegar/smittevernlegar, beredskapskontaktar, og andre som arbeider med beredskap i kommunane og hjå regionale aktørar
Kontaktpersonar
-
Haavard Stensvand
Tlf: 57 64 30 10 / 91 57 74 32 -
Lene Stavseng
Tlf: 55 57 21 22