Digital samling om ny eksamen for grunnskulen

Dato:
31. oktober 2022 10:00 - 15:00
Stad:
Digitalt på Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren og Utdanningsdirektoratet
Målgruppe:
Skuleeigar, skuleleiarar og lærarar i grunnskulen

Statsforvaltaren inviterer i samarbeid med Utdanningsdirektoratet til digital samling om eksamen etter LK20/LK20S.

Publisert 13.09.2022

Program for dagen 10:00 – 12:00

• endring i læreplan – læreplanforståing (film)
• endring i forskrift og kva endringane betyr
• kompetanseomgrepet
• forskjellen på kjenneteikn på måloppnåing og vurderingskriterium
• kva er nytt og korleis har vi jobba med eksamen dei siste åra (reliabilitet)
• teknisk – viser korleis det ser ut for sensor (film)

Program for fagøkt kl. 13:00 – 15.00

Det vil vere ei fagøkt for lærarar på ungdomskulen, med vekt på sensur i norsk, engelsk og matematikk kl. 13:00 – 15:00

• gjennomgå endringar
• skjema for vurdering
• vurderingskriterium
• vekting
• utprøving

Det vil vere oppdeling i tre teams-rom fordelt på faga norsk, engelsk og matematikk.

Skjema for påmelding finn du her

Påmeldingsfrist er 16. oktober 2022.

Sett av dagen no. Teamsinnkalling kjem etter frist for påmelding.

Dato:
31. oktober 2022 10:00 - 15:00
Stad:
Digitalt på Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren og Utdanningsdirektoratet
Målgruppe:
Skuleeigar, skuleleiarar og lærarar i grunnskulen