Samling for turnusrettleiarar

Dato:
30. september 2024 11:00 - 1. oktober 2024 13:00
Stad:
Park Hotel Vossevangen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
turnusrettleiarar for fysioterapeutar i turnus i Vestland
Påmeldingsfrist:
9. september 2024 23:59

Vi inviterer deg som er rettleiar for fysioterapeutar i turnus i kommunen og spesialisthelsetenesta til samling på Voss. Påmeldinga er stengt. Du kan føra deg på venteliste.

Publisert 11.06.2024

På grunn av stor pågang er påmeldinga stengt. Du kan føra deg på venteliste ved å senda e-post til Anne Grete Robøle.

Første dag av samlinga er tema rettleiing. Katarina Langaard, fysioterapeut og rettleiar for Norsk Fysioterapeutforbund, er kursleiar denne dagen.  

På den andre dagen er det fleire tema, mellom anna forventingsavklaring og evaluering av turnusfysioterapeutane. I tillegg tek vi opp saksgang når turnus ikkje går som planlagt. Unni Vågstøl, førstelektor frå Høgskulen på Vestlandet, gir oss eit innblikk i kva dei med bachelor i fysioterapi er venta å kunne. 

Vi har sett av tid til erfaringsutveksling, spørsmål og drøftingar under samlinga. 

Praktisk informasjon

Samlinga er gratis, og vi dekker dagpakke og felles middag. Vi bestiller og dekker hotellovernatting for dei med meir enn ein time reiseveg (hak eventuelt av for dette i skjema under). Deltakarane må sjølv dekka reisa.  

Påmeldinga er bindande, og ved manglande oppmøte utan avbestilling må du sjølv dekka utgiftene til dagpakke og eventuelt hotellrom.

Ved å melda deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med hotellet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».

Dato:
30. september 2024 11:00 - 1. oktober 2024 13:00
Stad:
Park Hotel Vossevangen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
turnusrettleiarar for fysioterapeutar i turnus i Vestland
Påmeldingsfrist:
9. september 2024 23:59