Nettmøte om landbrukseigedommar i dødsbu
- Dato:
- 26. mars 2025 09:30 - 11:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i landbruksforvaltninga eller andre i kommunane som skal ha å gjere med arvelova § 99 a
Statsforvaltaren i Vestland inviterer tilsette i kommunane til nettmøte om arvelova § 99 a.
I ein del dødsbu inngår det landbrukseigedommar. Arvelova § 99 a set ein frist på tre år for å overføre eigedommen frå dødsbuet til ny eigar med tinglyst heimel. Arvelova § 99 a blei sett i kraft frå 1. januar 2022.
For dei første dødsbua gjekk fristen ut 1. januar 2025. Nye dødsbu vil komme til etter kvart.
Vi hadde eit webinar om dette temaet 28. november 2024. Då sa vi at vi ville følgje opp med eit nytt nettmøte litt tidleg i 2025. Etter kvart som reglane får virke, gjere vi oss erfaringar og får betre kunnskap om korleis desse skal praktiserast. Vi har mellom anna begynt å få klager på forlenging av fristen i § 99 a. Føremålet med nettmøtet er difor først og fremst å dele og formidle erfaringar.
Tema for nettmøtet er:
- Nytt om reglane og rettleiarar til denne
- Gjennomgang av ei klagesak
- Erfaringsdeling
- Kva behov for hjelp og rettleiing har de framover?
Påmelding
Påmeldingsfrist: 25. mars 2025 kl. 12:00
Vi sender ut lenke til nettmøtet dagen før.
- Dato:
- 26. mars 2025 09:30 - 11:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- Tilsette i landbruksforvaltninga eller andre i kommunane som skal ha å gjere med arvelova § 99 a