Nasjonal jordvernkonferanse 2023
På FN’s internasjonale jorddag arrangerer NIBIO saman med Norges Bondelag og Jordvern Norge ein nasjonal jordvernkonferanse i Oslo 5. desember. Det er også muleg å delta digitalt.
Mange kommunar har gjort ein god jobb slik at omdisponering av dyrka jord har blitt redusert dei siste åra. Men, vi er ikke i mål. Kan vi reversere omdisponerte jordbruksareal tilbake til LNF-område? Kan vi finne andre arealer å bygge på? Er det berre bonden og matproduksjonen som blir påvirka om jordbruksareal blir brukt til noko anna enn jordbruk? Korleis skal vi nå jordvernmåla utan å undergrave andre viktige samfunnsoppdrag?
På konferansen vil innleiarar med bakgrunn frå forskning, politikk, saksbehandling og jus belyse viktige sider av jordvernarbeidet. Målet er å gje kunnskap, argumenter og verktøy som kan gjere arbeidet med jordvern lettare.
Meir informasjon, program og påmeldingsskjema finn de på NIBIO si arrangementside.