Spesielle miljøtiltak i landbruket
Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal motivere bønder til å gjere eit ekstra arbeid for å ta vare på verdiane i kulturlandskapet og redusere forureining frå jordbruket.
Du kan søkje om tilskot til miljøtiltak som krev innsats og kostnadar utover det som er forventa i vanleg jordbruksdrift. Du må eige eller leige ein landbrukseigedom der det går føre seg jordbruksproduksjon med tilskotsrett. Dersom du leiger, må du ha godkjenning frå eigaren.
Døme på tiltak i ordninga er utbetring av hydrotekniske anlegg for å redusere forureining, tilrettelegging for opplevingar og friluftsliv, samt sikring av biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø. Du kan også søkje om midlar til planleggings- og tilretteleggingsprosjekt.
Kommunen er sakshandsamar for søknadane og fastset søknadsfrist og lokale retningslinjer for prioritering av midlane. Statsforvaltaren er klageinstans.
SMIL-midlar til klima- og forureiningstiltak
Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) kan nyttast til å betre vassmiljøet og samstundes gjere garden rusta for eit endra klima.
Publisert 29.09.2020
Endring i SMIL-forskrift
Forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket er endra, slik at det ikkje lenger er krav om å ha eit føretak for å kunne få SMIL-tilskot.