Kva bør bonden vite om dagleg drift nær vassdrag?

Bekk, grønt gras, kantvegetasjon
Ikkje kom for nær, vis omsyn til bekken! Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Sjølv om ein ønskjer gode avlingar, må ein halde avstand til bekken i den daglege jordbruksdrifta.

Publisert 26.04.2024, Sist endra 07.02.2025

Drifta på jordbruksarealet kan føre til skade for vassdrag og livet langs vassdraget. Det er difor klare krav til jordbruksdrifta, mellom anna:

  • Ved gjødsling må du halde avstand til elver, småbekker, opne kanalar og innsjøar. Mange stadar kan du få regionalt miljøtilskot for å halde ekstra stor avstand.
  • Du kan aldri bruke plantevernmiddel nærare enn tre meter frå overflatevatn, og for nokre middel er det større avstandskrav.
  • Du kan ikkje jordarbeide nærare enn to meter frå vassdrag med årssikker vassføring, dersom du søkjer produksjonstilskot.
  • Du kan ikkje fjerne naturleg kantvegetasjon langs vassdrag. Dette gjeld både buskar, tre, urter og gras.

Brot på krava om omsyn til vassdrag kan mellom anna medføre trekk i produksjonstilskot. Andre frivillige tiltak kan det vere mogleg å få tilskot til.

Les meir

Frå februar 2025 er det nye krav om avstand til vassdrag ved gjødsling. På fulldyrka og overflatedyrka jord kan du ikkje gjødsle nærare enn 2 meter frå vassdraget (elv, bekk og vatn). Dette er den same sona som etter regelverket for produksjonstilskot skal vere utan jordarbeiding, og dermed ha varig vegetasjonsdekke.

På innmarksbeite må du halde minst 6 meter avstand til vassdrag ved spreiing av alle typar gjødsel. For å kunne bruke husdyrgjødsel på innmarksbeite må det vere godkjent som spreieareal. Bruk av mineralgjødsel på innmarksbeite må også godkjennast, men det er utsett til 2028 for dei som har slik gjødsling i gjødslingsplanen frå 2022 eller 2023. Du kan ikkje spreie gjødsel i naturleg vegetasjon mellom jordbruksarealet og vassdrag.

Kravet om avstand til vassdrag gjeld både husdyrgjødsel, mineralgjødsel og alle andre typar av gjødselvare. Avstanden vert målt frå normal vasstand til ytterkanten av normal rekkevidde på utstyret. Dette kravet kjem frå den nye gjødselbruksforskrifta (§ 18).

Nyttar du breispreiar er det viktig å passe på at det ikkje kjem gjødsel for nær vassdraget. Nær småbekkar med lita vassføring bør du vere ekstra forsiktig, der kan sjølv litt gjødsel gjere skade.

Vi oppmodar om å halde større avstand til vassdrag enn minimumskravet. I regionalt miljøprogram for Vestland (RMP) er kravet minst fire meter avstand. I prioriterte område kan dette gi rett til ekstra tilskot til gjødselfri kantsone i eng.

I område der vasskvaliteten er for dårleg, eller står i fare for å få ein dårlegare tilstand kan Statsforvaltaren stille strengare krav til bruk av gjødsel.

Du kan aldri bruke plantevernmiddel nærare enn tre meter frå overflatevatn / ope vatn. Dersom det står større avstandskrav på etiketten til plantevernmiddelet, er det denne som gjeld. Nokre vanlege ugrasmiddel med fem eller ti meter avstandskrav til vatn er Starane XL, Harmony 50SX og Flurostar 200 i eng og Basagran SG og Lentagran i attlegg.

Kravet om å halde avstand gjeld òg mot kanalar, vassførande stikkrenner og open grøft med vatn, i tillegg til open grøft utan vatn når ein ventar at det kjem vatn der i løpet av kort tid. For å kunne få RMP-tilskotet til gjødselfri kantsone i eng kan du ikkje sprøyte dei næraste fire meterane mot vassdrag.

Du kan ikkje sprøyte inn i kantvegetasjonen mellom enga og elva, uansett avstand. Det er eit generelt forbod mot å bruke plantevernmiddel i kantsoner og åkerholmer. Ved spesielle behov kan du søkje kommunen om å sprøyte i kantsone, og du kan søkje Mattilsynet om å sprøyte nærare vatn enn avstandskravet for plantevernmiddelet. Dette kan til dømes vere aktuelt ved bekjemping av svartelista artar. Krava knytt til bruk av plantevernmiddel kjem frå forskrift om plantevernmiddel §§ 19-20.

Det er absolutt krav om minimum to meter mot vassdrag, der du aldri kan jordarbeide. Dette gjeld òg langs kanal og open grøft der det er årssikker vassføring. Etter forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot paragraf 4 er det krav om at jordbruksarealet her alltid har vegetasjon. Denne vegetasjonen kan vere gamal eng som blir hausta eller beita.

Kommunen skal avkorte i produksjons- og avløysartilskot når vegetasjonssona er mindre enn to meter brei. Om kravet vert brote, er norma for avkorting kr 20 000, pluss kr 1000 per meter som kravet til vegetasjonssone ikkje er oppfylt.

På eng i drift er det er lov å slå gras heilt ut til elvekanten, dersom den naturlege kantvegetasjonen ikkje har reetablert seg. Dersom jordbruksarealet ligg heilt nær vassdrag er det ønskeleg for livet i vatnet å ikkje hauste heilt ut til elvekanten og heller la det vekse opp naturleg vegetasjon nær vassdraget

Det er ikkje lov å fjerne buskar, tre og anna naturleg vegetasjon langs vassdrag. Beiterydding av attgrodd areal må skje i god avstand til vassdrag, og du kan ikkje rydde mellom slåtteteigen og vassdraget for å få eit «ryddig landskap». Du er plikta til å oppretthalde den naturlege kantvegetasjonen langs vassdraget, då vegetasjonen er verna etter vassressurslova § 11. Det er ikkje det enkelte treet som er verna, men funksjonane vegetasjonen har. Kantvegetasjon kan skjøttast gjennom selektiv hogst. Så lenge uttaket ikkje reduserer funksjonane kantvegetasjonen er meint å oppretthalde, er ikkje tiltaket søknadspliktig. Ein god tommelfingerregel ved skjøtsel er at ein ikkje kan sjå etterpå at det har vore gjennomført hogst.

Vassressurslova set krav til å oppretthalde kantvegetasjon, men det er ikkje krav om å reetablere kantvegetasjon dersom den er fjerna før lova vart gjeldande i 2001. Reetablering av kantvegetasjon kan vere aktuelt som frivillig tiltak. Dette kan gje betre levetilhøve for fisk, elvemusling, fuglar, dyr og planter på land, og redusere erosjon og næringsavrenning til vassdrag.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.