Vossabia stakk av med den nasjonale BU-prisen

Bilde av Emil Lunde Barman, Ylva Lunde Barman, Renate Lunde og Hilde Lunde i lag med Landbruks- og matminister Geir Pollestad.
Emil Lunde Barman, Ylva Lunde Barman, Renate Lunde, Hilde Lunde i lag med Landbruks- og matminister Geir Pollestad. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Renate Lunde er vinnar av den nasjonale bedriftutviklingsprisen i landbruket for 2024.

Publisert 17.01.2025

Landbruks- og matminister Geir Pollestad presenterte vinnaren av prisen under Grüne Woche i Berlin. 

Vinnaren frå Voss lagar produkt til bruk i hår og på kropp basert på dei lokale og økologiske råvarene som er tilgjengeleg på garden. Renate ser mulegheiter der andre ville ha tenkt at dette er ugress.

Ho tok over garden på Bulken ved Voss for 25 år sidan, og har sidan den gong nådd ut til over 100000 kundar og 120 forhandlarar i heile landet med sine hud- og hårpleieprodukt. I Vossabia nyttar dei lokale og økologiske råvarer som honning, bivoks og ville urter i produkta sine, noko som sikrar høg kvalitet. Renate og Vossabia er ein pioner innan naturleg kosmetikk.

Les meir om Vossabia: www.vossabia.no

Les meir på regjeringen.no: Vossabia er vinner av BU-prisen 2024

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar