Utlysing tilskot frå Hordaland Landbruksselskap

Hordaland Landbruksselskap er ei ideell stifting der føremålet er å forvalte kapitalen i dei fonda selskapet har til rådvelde i trå med gjevarane sitt ønskje og til det beste for jordbruket i Hordaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.06.2019

Stiftinga Hordaland Landbruksselskap forvaltar i dag kapitalen til seks fond og legatar. Bønder, forskingsorganisasjonar, forsøksringar og faglag i Hordaland kan søkja om tilskot frå avkastinga i fondet. Fonda som ligg under Landbruksselskapet er:

  • BU-fondet: skal gå til å ta vare på og arbeidde opp den gamle norske sauerasen
  • To fjørfefond skal nyttast til å fremje fjørfeavlen. Herunder Anton Mindes Legat og Hordalands fjørfeavlsfond
  • Fabrikkeigar Anton Mindes Legat til fremme av fremragende gardsdrift og nydyrking og skal nyttast til framifrå drive gardsbruk, her under kanalisering og opparbeiding av kulturbeite.
  • Fondet til beite- og planteutvalet skal nyttast til plantedyrking, utprøving av ulike sortar og dyrkingsmetodar, gjødselforsøk, beiteforsøk, fôrkonservering.
  • Hordaland Landbruksselskap sitt privatfond skal nyttast meir fritt som i vid meining kan fremja landbruket og herunder tiltak for å gjera landbruksnæringa meir kjent i samfunnet.

Søknadar om tilskot må sendast til styret innan 1. september 2019. Søknadane kan sendast til fmhokdb@fylkesmannen.no eller til Stiftinga Hordaland Landbruksselskap, Postboks 7315, 5020 Bergen.

Spørsmål kan rettast til Kari Elsa des Bouvrie, tlf. 55 57 20 22 eller fmhokdb@fylkesmannen.no

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.