Tilskot til nedkjemping av ugras i radkulturar (gjeld ikkje frukt- og bærproduksjon)
Det kan gjevast tilskot for mekanisk bekjemping av ugras eller flamming i radkultur som potet og grønsaker. Tiltaket gjeld alle radkulturar med unntak av frukt og bær. Føremålet med tiltaket er å stimulere til metodar for å fjerne ugras utan bruk av plantevernmiddel. Minsteareal for å søke tilskot er 2 dekar.
Mekanisk bekjemping inneber radrensing, luking eller hypping. Damping inngår ikkje i tiltaket.
Vilkår:
- Det kan ikkje gjevast tilskot dersom det blir nytta plantevernmiddel mot ugras før hausting, med unntak for nedsviing av potetris.
- Økologiske areal og areal i karens som mottar produksjonstilskot for økologisk drift har ikkje rett til tilskotet.
Tiltaket er ikkje til hinder for sprøyting mot kveke etter innhausting.
Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar
Flamming: | 300 kr per daa |
Mekanisk nedkjemping av ugras: | 300 kr per daa |
Det kan gjevast tilskot for minimum 2 daa og maksimalt 100 daa per føretak. |
(Mekanisk bekjemping av ugras eller flamming i konvensjonelle radkulturar, frukt og bær unnateke)
Kontaktpersonar
Søknadsinformasjon
Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.
Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til RMP