Fokus på ungskogpleie

Ungskogfelt før inngrep på Espeland, Voss Foto: Bastian Hoffmann / SFVL.

Planta og naturforynga skog treng skjøtsel og den må gjerast til rett tid. No har vi gode råd om arbeidsutføring, tidspunkt og økonomi i Bondeboka.

Publisert 04.10.2024

Kvifor er det eigentleg så viktig å stelle ung skog? Det er det fleire grunnar til:

  1. Vi vil ha kvalitet på skogen.
    Gjennom ungskogpleie regulerer vi konkurransen mellom trea, noko som konsentrerer veksten til dei mest verdifulle framtidstrea. Dette gir betre tømmerkvalitet og økonomisk verdi.
  2. Vi kan få større biodiversitet.
    Skjøtsel av ung skog kan styrke det biologisk mangfaldet. Ved til dømes å ta vare på lauvskog i granplantefelt, kan vi også betre levekåra for dyr og planter.
  3. Vi kan styrke klimatilpassinga av produksjonsskogen.
    Stelt ungskog kan auke motstandskrafta mot klimaendringar. Gjennom fristilling av framtidstre som vil vere betre tilpassa framtidige klimaforhold, kan skogen som økosystem bli meir robust.
  4. Skjøtsel har også ein verdi for rekreasjon og trivsel.
    Velstelt skog gjev moglegheiter for friluftsliv og estetiske opplevingar.

Stell av ungskogen er avgjerande for skogen sin utvikling. Om den unge skogen ikkje blir skjøtta og overlaten til seg sjølv, vil verdifull skog gå tapt på sikt. I dag blir berre 25% av foryngingsarealet fylgt opp med skjøtselstiltak i Vestland fylke. Dette arealet må vi auke radikalt for å få ein produksjonsskog vi kan hauste av i framtida.

Bondeboka samlar relevant informasjon frå forvaltninga og gjev tips om ulike kunnskapsbasar i landbruket. Som skogeigar eller kommunetilsett kan du starte på bondeboka.no med leitinga etter meir kunnskap.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.