Tilskot til drenering

Tilskot til drenering av jordbruksjord skal auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord og redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.

Du kan søkje om tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal. Planerte areal treng ikkje å vere grøfta tidlegare.

Du kan søkje om tilskot til systematisk grøfting, profilering, omgraving av jordprofil på myrareal, usystematisk grøfting og avskjeringsgrøfting.

Du kan ikkje få tilskot til nydyrking med planering ettersom dreneringa er ein del av nydyrkingsarbeidet. Det er heller ikkje mogeleg å få tilskot til tiltak som fører til vesentleg skade for ein annan eigedom og naturmangfald, vesentleg fare for flaum og vassforureining eller fare for skade på automatisk freda kulturminne. Kommunen må vurdere dette i sakshandsaminga.

Eit vilkår er at du ikkje kan ikkje begynne å drenere før du har fått innvilga tilskotet. Tiltaket må gjennomførast innan tre år frå søknaden blei innvilga.

Kommunen er sakshandsamar for søknadane og fastset søknadsfrist. Statsforvaltaren er klageinstans. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.