Miljø og klima

Oppdatert 15.11.2024

Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.

Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Statsforvaltaren skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

20.02.2025

Kunngjering av løyve til forureining frå akvakulturanlegg i Askvoll kommune

Atløy Båt & Marina AS har 19. februar 2025 fått løyve etter forureiningslova til etablering av landbasert akvakulturanlegg på lokaliteten Natura. 


12.02.2025

Høyring av verneforslag for Ospehogen naturreservat i Stad kommune

Vi sender på høyring frivillig skogvern av Ospehogen naturreservat, vest for Hundvika, i Stad kommune. Området vart i oppstartsmeldinga omtalt som Ospehåjen. Frist for uttale er 21. april 2025.


10.02.2025

Hugs søknadsfrist for tilskot til klimatilpassing, 15 februar!

Tilskotsordninga skal fremje arbeidet med klimatilpassing i kommunar og fylkeskommunar


06.02.2025

Søknad om utfylling i sjø for å utvide næringsareal Olsetvikane industriområde Askvoll kommune

Entreprenør Grunnfjell AS søkjer på vegne av Olset eigedom AS forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for å utvide industriområde, Olsetvikane 79, gnr 30 bnr 44.


05.02.2025

Kartlegging av Sognefjorden viser høg geologisk og biologisk diversitet

Vi har fått kartlagt Sognefjorden og utarbeidd modellering av sårbart naturmangfald på fjordbotn. No er rapporten frå Havforskningsinstituttet tilgjengeleg. Kartlegginga er ledd i arbeidet med marint vern.


05.02.2025

Søknad om utslepp av anleggsvatn for Illvatn pumpekraftverk i Luster kommune

På vegne av Hydro Aluminium søkjer Hydro Energi AS om løyve til midlertidig utslepp av anleggsvatn og deponering av bunnrenskemasser frå drivning av tunnel

 


04.02.2025

Ny kunnskap om regnskog

Ny forsking og erfaringar om inngrep i nærleiken av regnskog tyder på at den truga skogtypen er meir sårbar enn kva vi tidlegare har trudd. Ein bør ta omsyn til denne sårbare naturtypen ved planlegging og gjennomføring av tiltak i nærleiken.


04.02.2025

Søknad om løyve til utslepp av reinsa tunneldrivevatn og tunnelvaskevatn frå bygging av Fv. 5246 Helteviktunnelen

Vestland fylkeskommune søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av reinsa tunnelvatn i anleggsfasen og driftsfasen av Helteviktunnelen i forbindelse med bygging av Fv. 5246 i Askøy kommune. 


27.01.2025

Høyring av frivillig skogvern på Hammarland i Bjørnafjorden kommune

Vi sender på høyring frivillig skogvern av Hammarland naturreservat i Bjørnafjorden kommune. Området er på om lag 500 dekar, og består av trua naturtypar av edellauvskog og regnskog, med styvingstre og fleire trua artar. Frist for uttale er 4. april 2025.


24.01.2025

Søknad om løyve etter forureiningslova til opprydding i Vågen i regi av Renere havn Bergen

Bergen havn er blant dei 17 prioriterte områda i regjeringa sin handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn. Målet med det nasjonale oppryddingsarbeidet er at miljøgifter frå gamle utslepp skal ut av sirkulasjon og bort frå økosystemet. Tiltaksområda som inngår i Bergen havn er Vågen, Puddefjorden og Store Lungegårdsvann. Det er gjennomført opprydding i Puddefjorden (2018) og Store Lungegårdsvann (2024), og no står Vågen for tur. Søknaden sendes på høyring. Frist for uttaler er 28. februar 2025. 


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel