Synfaring i byggeklager
Statsforvaltaren får ofte spørsmål om å dra på synfaring i byggesaker som vi klagehandsamar. Spørsmålet om når vi må gjennomføre synfaring er ikkje særskilt regulert i plan- og bygningslova.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Når drar vi på synfaring?
Sakshandsaminga hjå Statsforvaltaren er skriftleg og tek utgangspunkt i dokumenta i saka. Det hender at partane kontaktar oss og bed om at vi synfer eigedomen. Vi har stor saksmengd og kan diverre ikkje imøtekome alle oppmodingar om synfaring. Det avgjerande for om vi drar på synfaring eller ikkje er om saka er godt nok opplyst, jf. forvaltningslova § 17.
Dersom dei faktiske tilhøva er usikre og det har kome innvendingar mot føresetnadene som er lagde til grunn for kommunen sitt vedtak, kan det vere ønskjeleg for oss å få sjå på tilhøva på staden. Det gjeld ofte saker der det er snakk om naboulemper som tap av sol, utsikt mm. Vi legg også vekt på om vedtaket er av særleg inngripande karakter.
Vi drar på færre synfaringar no enn tidlegare. Det skuldast at vi i de seinare år har fått tilgang til gode digitale kartløysingar som gjer det lettare å orientere seg om tilhøva på staden. Under den pågåande pandemisituasjonen vil vi i utgangspunktet vere tilbakehaldne med å dra på synfaring. Dersom det er trong for å opplyse saka betre før vi gjer vedtak, kan vi i staden kontakte kommunane for å be om supplerande opplysningar og/eller bilete i saka.
Korleis vert synfaring gjennomført?
Viss vi dreg på synfaring tilseier god forvaltningsskikk og omsynet til at partane skal bli opplyste og høyrde, at dei får delta. Vi ønskjer også at representantar frå kommunen deltek. Vi vil difor varsle partane skriftleg om synfaringa i god tid på førehand, jf. forvaltningslova § 16.
Synfaring vert som nemnt gjennomført for å sikre opplysing av saka utover det vi kan oppnå gjennom saksdokumenta. Vi tek ikkje stilling til realiteten i saka når vi gjennomfører synfaringa, og partane avgjer difor sjølv om dei vil delta. Partane vil kunne fremme sine synspunkt på synfaringa. Vi freistar å ferdighandsame klagesaka innan kort tid når vi har gjennomført synfaring.
Praksis hjå Sivilombodsmannen
Det hender at synfaring er tema i saker som går til Sivilombodsmannen. Det vert til dømes klaga over manglande synfaring, at synfaringa vart halde på eit ugunstig tidspunkt, eller at det vart gjeve kort varsel om synfaringa. Under finn du lenkjer til tilfeldig utvalde saker hjå Sivilombodsmannen der synfaring har vore tema:
- Tillatelse til oppføring av veranda - omgjøringsadgang og saksbehandling (Sivilombodsmannen, okt. 2010)
- Dispensasjon etter plan- og bygningsloven - spørsmål om det var gitt tilstrekkelig begrunnelse og om saken var godt nok opplyst (Sivilombodsmannen, mars 2009)
- Dispensasjon fra kommuneplanens arealdel for riving av eksisterende og oppføring av nytt båthus (Sivilombodsmannen, april 2009)