Evalueringsmøte etter utmarksbrannane i Øygarden
I september møttest representantar frå brannvesen, politiet, helsetenesta, sivilforsvaret, Røde Kors, industrivern, Øygarden kommune og Statsforvaltaren for å evaluere handteringa av utmarksbrannane i Øygarden i juni 2021. Hovudtemaet var samvirke og samarbeid, med mål om å få fram forbetrings- og lærepunkt til oppfølging.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsforvaltaren har i oppdrag å ta initiativ til, og følge opp evalueringar etter regionale øvingar og uønskte hendingar, for å sikre læring og utvikling.
Både ordførar Tom Georg Indrevik og fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand takka i sine innleiingar aktørane for innsatsen og samhandlinga under den svært krevjande handteringa av brannen. Hovudkonklusjonen er at hendinga vart handtert på ein god måte og at samvirket fungerte godt. Samstundes er det forbetringspunkt på enkelte område. Lærepunkt for oppfølging er summert opp i ein tabell som er presentert i referatet, og vi har saman med aktørane identifisert kven som skal følgje opp dei ulike lærepunkta. Oppfølging av desse og overføring av erfaringar er viktig for å sikre god krisehandtering ved framtidige hendingar.
Eit viktig tema er førebygging av brann i skog/vegetasjon, og vi ønskjer å følgje opp det særskilt i tida framover.
Referat frå evalueringsmøtet, og presentasjonar, ligg ved.
Kontaktpersonar
Dokument
- Referat frå evalueringsmøte etter kratt-lyngbrann i Øygarden juni 2021.pdf
- SFVL - Presentasjon, evalueringsmøte Øygarden 030921 - opning.pdf
- ØBR - Presentasjon 03.09.2021.pdf
- VPD - Presentasjon, evaluering av skogbrann i Øygarden - etableringsfasen.pdf
- VPD - Presentasjon, evaluering av skogbrann i Øygarden - evakuering.pdf
- SFVL - Presentasjon, lyngheiskjøtsel og brannførebygging 03.09.2021.pdf