Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2020
- Søknadsfrist:
- 22. mars 2020 23:59
- Målgruppe:
- Tilsette i helse- og omsorgstenestene og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen
- Kven kan søke:
- Statlege mottakarar (nettobudsjetterte verksemder), kommunar, fylkeskommunar, høgskular og universitet. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, næringsliv, frivillg sektor eller andre aktørar.
- Rapporteringsfrist:
- 22. mars 2021 23:59
Tilskotet er midlar som skal bidra til at kommunane set i verk kompetansehevande tiltak og innovasjon– og utviklingsarbeid ut frå lokale føresetnadar og behov.
Målet er å styrke kommunane sine evner og mogelegheiter til å utvikle berekraftige og gode helse- og omsorgstenester, og gje tydeleg prioritet til nokre av dei viktigaste framtidsutfordringane ut frå lokal føresetnad og behov.
Sjå høgremargen for søknads- og rapporteringsskjema, regelverk og rettleiing.
Primærmålgruppe
Leiarar, tilsette og personar som jobbar i helse- og omsorgstenesta, inklusiv psykisk helse og rustenesta. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette også i andre kommunale etatar vere målgruppe (f.eks. Nav, barnevernsteneste, barnehage og skular).
Sekundærgruppe
Brukarar av kommunale helse- og omsorgstenestar, inklusive psykisk helse- og rustenesta og deira pårørande.
Tildelingskriterier
Skjønnsmessig vurdering med utgangspunkt i forventa måloppnåing.
Sjå meir om ordninga på nettsida itl Helsedirektoratet.
Søknad skal sendast til: fmvlpost@fylkesmannen.no innan 22. mars 2020.
Dei som har behov for utsett søknadsfrist for kompetanse- og innovasjonstilskotet for 2020 må ta kontakt for nærare avtale om dette.
Rapportering for 2019
Kommunane skal rapportere til Fylkesmannen innan 1. mai 2020 for midlar som vart tildelt i 2019. De finn rapporteringsskjema her. For samla tilskot frå kr 200 000,00 og over er det krav om revisorkontroll.
Nye kommunar har ansvar for å oppfylle krava som er stilt i tilskotsbrevet og i regelverket for ordninga for dei kommunane som er slått saman. Det skal rapporterast særskilt for kvar av kommunane som er slått saman og som har motteke tilskot. Dersom nokon av kommunane som er slått saman mottok tilskot til prosjekt som vert vidareført til den nye kommunen til bruk i 2020, skal bruken av desse midlane rapporterast om innan utgangen av 2020.
- Søknadsfrist:
- 22. mars 2020 23:59
- Målgruppe:
- Tilsette i helse- og omsorgstenestene og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen
- Kven kan søke:
- Statlege mottakarar (nettobudsjetterte verksemder), kommunar, fylkeskommunar, høgskular og universitet. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, næringsliv, frivillg sektor eller andre aktørar.
- Rapporteringsfrist:
- 22. mars 2021 23:59
Kontaktpersonar
-
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15 -
Anne Eli Wangen
Tlf: 57 64 31 65