Tilskot til digitalt utstyr, kompetanse og infrastruktur
- Søknadsfrist:
- 15. april 2021 15:45
- Målgruppe:
- Målgruppa for tilskotet er elevar/lærlingar/lærekandidatar (inkludert vaksne) og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skular i Noreg.
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren v/Astrid F. Harlem og Lill Mona Solberg
- Kven kan søke:
- Kommunar og fylkeskommune
- Rapporteringsfrist:
- 15. september 2021 15:45
Kommunar og fylkeskommunen kan søkje om tilskot til innkjøp av digitalt utstyr, utvikling av kompetanse og støtte til drift av infrastruktur i grunnopplæringa.
Målet for tilskotsordninga
Målet for tilskotsordninga er å leggje til rette for digital heimeundervisning i samband med Covid-19-utbrotet. Ordninga skal gje elevar det dei treng når dei må ha undervisning heime. Tilskotet skal mellom annan bidra til å jamne ut levekårsforskjellar.
Det er sett av totalt 7 732 000 kroner til fordeling mellom dei offentlege skuleeigarane i Vestland i 2021.
Tiltak som kjem inn under ordninga
- Datautstyr
- Robot for kommunikasjon i sanntid (AV1)
- Utstyr for strømming av undervising
- Lisensar for videokommunikasjonsløysingar
- Lisensar spesifikt knytt til heimeskule
- Kompetansetiltak og kjøp av nødvendig kompetanse
- Støtte til oppsett og drift av infrastruktur
Tilskotet gjeld ikkje for
- Friskular. Det er ei eiga ordning i regi av Utdanningsdirektoratet.
- Vaksne i introduksjonsordninga, som ikkje er deltakar i grunn- eller vidaregåande opplæring for vaksne.
- Kjøp av digitale læremiddel. Her finst andre tilskotsordningar i regi av Utdanningsdirektoratet.
Målgruppe
Målgruppa for tilskotet er elevar/lærlingar/lærekandidatar (inkludert vaksne) og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skular i Noreg.
Tilskotsmottakar
Tilskotsmottakar er kommunar og fylkeskommune.
Søknad
Bruk søknadsskjema i høgre meny.
Søknadsfrist er 15. april 2021.
Vilkår for tilskot
Tilskotet er knytt til Covid-19-utbrotet og skal leggje til rette for heimeundervisning og utjamne levekårsforskjellar.
Tildelinga vil bli gjort på bakgrunn av ei heilskapleg og skjønnsmessig vurdering opp mot vilkåra for tilskotet.
Statsforvaltaren kan ta stikkprøvekontrollar av bruken av tilskotet
Statens bevilgningsreglement § 10 gir Statsforvaltaren i Vestland høve til å føre kontroll med bruken av midlane. Tilskotet kan krevjast attende, dersom det ikkje er brukt i samsvar med føresetnadene.
- Søknadsfrist:
- 15. april 2021 15:45
- Målgruppe:
- Målgruppa for tilskotet er elevar/lærlingar/lærekandidatar (inkludert vaksne) og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skular i Noreg.
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren v/Astrid F. Harlem og Lill Mona Solberg
- Kven kan søke:
- Kommunar og fylkeskommune
- Rapporteringsfrist:
- 15. september 2021 15:45