Symjeopplæring i barnehagen 2025
- Søknadsfrist:
- 21. august 2025 15:00
- Målgruppe:
- Barn i barnehage i alderen 4-6 år
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland v/Celine Lunder
- Kven kan søke:
- Kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar
- Rapporteringsfrist:
- 1. desember 2025 15:00
Kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar kan søkje Statsforvaltaren om tilskot til symjeopplæring for barn i barnehage.
Målet med opplæringa
Tilskotet skal bidra til at tilskotsmottakar skal kunne gjennomføre tiltak for å gje barn i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn. Målet er å gje barna betre symjeferdigheiter.
Vilkår og føresetnader
Målgruppa er barn i barnehage i alderen 4-6 år i Vestland fylke.
Symjeopplæringa skal skje i barnehagen si opningstid og skal i hovudsak gå føre seg i basseng. Tilskotet kan òg bli brukt til å dekkje transport til og frå symjehall, og/eller til vikarutgifter for å kunne gjennomføre symjeopplæring.
Tilskotsmottakarane vel korleis opplæringa skal organiserast og gjennomførast. Kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar må sjølve dekkje kostnader utover tilskotet.
Fast sats per barn per kalenderår
Det er mogleg å søkje om inntil 2050 kroner per barn i 2025. Det kan berre bli søkt om tilskot for eitt kalenderår om gongen.
Søknad og rapportering
Søknad skal sendast til Statsforvaltaren i eiget fylke. Frivillige organisasjonar og barnehagar vel sjølv om dei vil søkje om tilskot direkte, eller om dei ønskjer å søkje via kommunen. Samarbeid mellom kommune og frivillige organisasjonar blir prioritert. Fleire kommunar kan òg samarbeide om å etablere eit opplæringstilbod.
Søknadsfrist er 21. august 2025.
Rapporteringsfrist er 1. desember 2025.
Søknadsskjema og rapporteringsskjema finn de i høgremenyen.
Tilskotsmottakarar som har mottatt tilskot i tidlegare kalenderår må rapportere på gjennomført symjeopplæring før tildeling av nye midlar.
- Søknadsfrist:
- 21. august 2025 15:00
- Målgruppe:
- Barn i barnehage i alderen 4-6 år
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland v/Celine Lunder
- Kven kan søke:
- Kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar
- Rapporteringsfrist:
- 1. desember 2025 15:00
Kontaktpersonar
-
Celine Lunder
Tlf: 57 64 31 06