Tilskot til styrking av habilitering og rehabilitering i kommunane
- Søknadsfrist:
- 1. april 2019 23:59
- Målgruppe:
- Kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen
- Kven kan søke:
- Kommunane
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2020
Tilskotet er eitt av tiltaka i Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering 2017-2019 og skal stimulere til tenesteutvikling og styrking av habilitering og rehabilitering i kommunane.
Det er eit mål at kommunane på sikt skal overta fleire oppgåver frå spesialisthelsetenesta, og at hovudtyngda av habiliterings- og rehabiliteringsinnsatsen skal skje i kommunane. Utfordringsbiletet er omtalt i Meld. St. 26 (2014-2015), «Fremtidens primærhelsetjeneste», kapittel 21.
Korleis søkje
Klikk på lenka for å søkje: Styrking av habilitering og rehabilitering i kommunane
Nytt i 2019
Kommunane kan søkje om tilskot til tiltak som fremjer samhandling mellom fastlegar og avtalefysioterapeutar om rehabilitering av pasientar med muskel- /skjelett-/smerteproblematikk.
Mål
Styrking av tenestene i tråd med Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering 2017-2019 og i samsvar tilrådingar i Veileder for rehabilitering og habilitering, individuell plan og koordinator. Innan utgangen av året skal kommunen skal ha ein oppdatert plan for habilitering og rehabilitering.
Delmål
- Styrkje pasientar og brukarar sine mogelegheiter for å oppretthalde og eller gjenvinne si fysiske, sosiale og eller psykiske meistringsevne.
- Førebyggje og utsetje behov for kompenserande tenester.
- Sikre tilbod i samsvar med befolkninga sine behov, fagleg innhald, kvalitet og kapasitet, jamfør Meld. St. 26 (2024-2015), med hovudvekt på kapittel 21.
- Styrkje samarbeidet med brukarorganisasjonar, spesialisthelsetenesta, andre sektorar og internt i kommunen.
- Sikre at pasientar og brukarar får oppfylt retten til individuell plan og koordinator, herunder styrkje koordinatorrolla.
- Koordinerande eining legg til rette for heilskaplege og koordinerte tenester på tvers av fag, nivå og etatar.
Tildelingskriterium
Tildelinga av tilskot skjer etter ei skjønnsmessig vurdering. Vi vurderer venta måloppnåing i søknaden opp mot måla for tilskotsordninga og om søknaden viser
- tiltak for å lage eller oppdatere plan for habilitering og rehabilitering,
- korleis kommunen sikrar at tilbodet er i samsvar med befolkninga sine behov,
- korleis tiltaka skal bidra til å oppfylle krava og tilrådingane i Veileder for rehabilitering og habilitering, individuell plan og koordinator og kriteria for måloppnåing under punkt 3 i regelverket for tilskotsordninga.
- korleis kommunen samarbeider med brukarorganisasjonar, spesialisthelsetenesta og aktørar utanfor helse- og omsorgstenesta,
- at koordinerande eining er sentral i planarbeidet og at søknaden er forankra på rådmannsnivå.
I tillegg til dei særskilte krava i regelverket for ordninga, er det også lagt til grunn kommunal eigenfinansiering. Tilskotet skal gå til stimulering av opptrappinga i kommunen, og det må gå fram av finansieringsplanen for tiltaket korleis kommunen vil styrkje eller omstille habiliterings- og rehabiliteringstenestene.
Rapportering
Krav til rapportering og rapporteringsfrist går fram av tildelingsbrevet. Det er eigen mal for rapportering.
- Søknadsfrist:
- 1. april 2019 23:59
- Målgruppe:
- Kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen
- Kven kan søke:
- Kommunane
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2020