Dette må du hugse når du leverer årleg verjerekneskap

Ved innlevering av den årlege verjerekneskapen, minner vi om at verja skal sende oss kontoutskrifter og ikkje transaksjonsutskrifter. 

Publisert 17.01.2025

Når du som verje skal sende inn årleg verjerekneskap må du sende oss månadlege kontoutskrifter, og ikkje transaksjonsutskrifter. Dette er eit absolutt krav frå sentral verjemålsmynde, Statens sivilrettsforvaltning, og ekstern revisor.

Verjerekneskap som manglar kontoutskrifter i banken sitt eige format, vert ikkje godkjent.

Du må også forklare alle transaksjonar på kontoutskriftene som ikkje er sjølvforklarande, slik at både statsforvaltaren og revisor forstår kva midlane er nytta til. Dette gjeld også kontantuttak. Forklaring kan anten påførast sjølve kontoutskriftene, punkt 5.1.1  i fullstendigheitserklæringa, eller i eit eige vedlegg.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar